Dei vil samle inn pengar til menneske som lir i Aust-Afrika

Steinar Grønsberg og Liv Jorunn Vestreim i Aurland Røde Kors.

DØR TIL DØR: Måndag går Steinar Grønsberg og Liv Jorunn Vestreim og resten av Aurland Røde Kors frå dør til dør for å samle inn pengar til menneske som lir i Aust-Afrika. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Måndag går medlemmar i Aurland Røde Kors for menneske som svelt i Aust-Afrika.

Aurland: Aurland er berre eit av fleire lokallag i Sogn og Fjordane som no kjem på døra di for å samle inn pengar.

– Røde Kors i Sogn og Fjordane ser på situasjonen for 20 millionar menneske i Aust-Afrika for så alvorleg at me har bestemt oss for å hjelpe, skriv fylkeslaget på si heimeside.

Sveltkatastrofen vert omtalt som den verste humanitære katastrofen sidan 2. verdskrig av FN. Så mange som 20 millionar menneske står i fare for å svelte ihjel.

Kombinasjonen av krig og tørke har gitt ekstreme forhold for innbyggjarar i Jemen, Somalia og Sør-Sudan. Dei same problema ser ein i landa rundt Tsjadsjøen, og i tillegg er det ekstremtørke i Etiopia og Kenya.

– Me skal gå måndag kveld. Me startar om lag 17.00 og held på utover kvelden, seier Liv-Jorunn Vestreim i Aurland Røde Kors.

– Dette er ein ekstraordinær situasjon som krev ekstraordinær innsats. Me rår difor dei lokalforeiningane som kan, å ta i bruk det verkemiddelet som skaffar mest pengar: dør til dør-aksjon, seier distriktsstyreleiar Synøve Sande.

Sogn og Fjordane Røde Kors løyver 50.000 kroner frå eige katastrofefond. Førebels har lokalforeiningar som Eid (20.000 kroner), Førde (55.000 kroner), Hyllestad (10.000 kroner), Olden (20.000 kroner), Vikane (5.000 kroner) og Årdal (1.500 kroner) også sett av pengar til hjelpearbeidet.

Pengane som vert samla inn går i hovudsak til å styrke lokalt Røde Kors/Røde  Halvmåne sitt pågåande arbeid med mellom anna å få på plass mat og vatn, og yte helsehjelp.