Du trendy glitrande tre, god dag!

Du trendy glitrande tre, god dag!

UTRADISJONELL PYNT: Stylist Tone Kroken meiner den mest trendy pynten du kan henge opp på treet denne jula er rosa flamingoar. Her har nokon slått seg laus med palmetre- og solbrilleforma pynt i tillegg til flamingoen. FOTO: Stephen Coburn / Shutterstock.

Tør du ta satse på rosa flamingoar, eller går du for det nostalgiske treet med raude kuler?

Også juletreet er blitt eit uttrykk for personleg stil. Stylist og interiørarkitekt Tone Kroken fortel at nokre av årets viktigaste trendar er fargar og leikenheit.

− I år er det kulaste du kan ha på treet rosa pelikanar og lyseblå kuler. Stilen er leiken, nesten Las Vegas, berre litt meir rocka, seier ho.

ROSA JUL: Kastar du deg på trenden og pyntar treet i rosa og blått, eller held du deg til den tradisjonelle juletrepynten? Foto: NTB scanpix.

Pyntestilar

Før pynta alle treet i same stil, med den tradisjonelle julepynten, ifølgje Kroken. I dag meiner ho derimot at folk flest likar litt forandring og gjerne følgjer med på trendar.

− Berre gjennom dei siste fem åra har det skjedd mykje. No vil folk ha personlege juletre. Det er mykje større variasjon enn før, og stor fridom til å skape eit eige uttrykk med julepynten, fortel ho.

Elsbeth Monsen, kreativ designer i Riis interiør, ser også ei utvikling vekk frå den tradisjonelle, raudgrøne jula. Likevel meiner ho nordmenn flest framleis er eit stykke unna å pynte treet i fargar som rosa og lilla.

− Slik eg oppfattar det, vel dei fleste enten den nostalgiske, raude juletrepynten, eller ein enklare stil med kvitt, gull og sølv. Den moderne stilen med gull og sølv er veldig flott på ei tjukk, grøn edelgran, som toler mykje pynt. Gull, sølv og kvitt kan dessutan lyse fint opp i den mørke årstida, seier Monsen.

Også Kroken trekkjer fram gull som ein viktig trend gjennom fleire år.

− Gull slår aldri feil, fastslår ho.

RAUDGRØN JUL: Mange held framleis fast på den tradisjonelle julepynten med raude kuler og norske flagg. Foto: Espen Bratlie / NTB scanpix

Sosiale medium

Monsen seier at sjølv om mange held fast på den tradisjonelle juletrepynten, vert den ofte brukt på ein litt annan måte enn før:

− Også dei som vel raud og tradisjonell pynt, går gjerne for ein meir stilrein versjon. Før kunne ein lesse på med alt ein hadde. No ser ein gjerne på juletreet som ein del av interiøret. Folk flest har blitt meir interiørbevisste, sidan vi vert eksponerte for interiør på Instagram og gjennom eigne tv-program, seier ho.

Monsen synest likevel julepynt ikkje skal handle om å prestere noko:

− Det er viktig at ein ikkje føler på eit press om å vere trendy i jula.

Tone Kroken er samd i at sosiale medium er ei viktig drivkraft for interessa vår for interiør og personleg stil.

− Sosiale medium som Pinterest og Instagram er kjempeviktige inspirasjonskjelder, og i dag brukar mange desse appane til å bevisst leite opp julepynt for å la seg inspirere, seier ho.

Kroken seier at sjølv om folk likar å fornye seg, har dei fleste ein base med pynt som brukast mange år på rad, som dei gjerne sper på med noko nytt årleg for å oppdatere uttrykket.

LYST INNTRYKK: Mange vel å pynte treet i gull, sølv og kvitt. Denne pynten lyser opp i den mørke tida, seier designar Elsbeth Monsen. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix.

Lyssetjing

Fargar og leikenheit er i vinden, men Kroken åtvarar mot å blande for mykje forskjellig:

− Ikkje bland inn for mange ulike element, det kan bli rotete. Prøv heller å bruke fleire like gjenstandar, rår ho til. Eit anna tips er å pynte treet i djupna, så ikkje all pynten henger ytst på greinene. På den måten blir uttrykket meir heilskapleg og balansert.

Teknologisk utvikling har også bidratt til at julepynten kan bli meir variert og personleg. Kroken trekkjer fram at det finst mykje nye LED-lys til juletre, som eit alternativ til dei tradisjonelle lyspærene:

− LED-lenkene spreier lyset meir over heile treet, noko som kan gi eit meir moderne preg. Å byte ut lysa kan gi fleire kreative moglegheiter for juletrepynten.

LED-lys til jul

Dei energisparande LED-lysa gir fleire moglegheiter for variasjon enn dei tradisjonelle juletrelysa. Stylist Tone Kroken gir desse tipsa til korleis du kan bruke led-lys for å få treet ditt til å skine:

  • Lyslenker med led-lys kjem i mange forskjellige fasongar. Runde eller blomsterforma lamper kan gi treet ditt eit unikt preg.
  • For å unngå at lyset verkar kaldt og flatt, bruk fleire lyslenker med litt forskjellige toner.
  • Led-lys kan lyse opp fleire ting enn juletreet: ei vakker lyslenke er eit brannsikkert alternativ til stearinlys på bordet, eller kan brukast til å dekorere ein fin pyntegjenstand.
  • Som pynt i seg sjølv: Led-lys kjem også som eitt og eitt lys, forma som for eksempel små juletre. Desse kan vere fine pyntegjenstandar i jula. (©NPK)

NPK

Les flere artikler fra NPK.