– Ikkje brenn juletreet i peisomnen

juletre

IKKJE BRENN: Bårnåler inneheld kvae som brenn ein god del friskare enn vanleg ved. Den intense elden og varmen kan lett setje i gang pipebrann, viss gammalt tjærebelegg har lagt seg i pipeløpet. Illustrasjonsfoto: Ole Ramshus Sælthun

Brannmenn åtvarar mot å brenne juletreet i peisen eller vedomnen. Barnåler er nemleg svært brennbare, og kan forårsake pipebrann.

– Barnåler er svært brennbare, fordi dei inneheld kvae som brenn ein god del friskare enn vanleg ved. Den intense elden og varmen kan lett setje i gang pipebrann, viss gammalt tjærebelegg har lagt seg i pipeløpet, seier Dag Svindseth, som er brannsjef i Østre Agder brannvesen til NRK.

Dei siste åra har det vore veldig mange pipebrannar der årsaka har vore nettopp oppfyring med juletre.

– Vi anbefaler folk som vil kvitte seg med juletreet å levere det inn til nærmaste avfallsmottak, eller brenne det som vanleg hageavfall utandørs, seier Svindseth.

NPK

Les flere artikler fra NPK.