Lokalprodusert mat i vinden

Lokalmat

I VINDEN: Lokalmat blir berre meir og meir populært. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Lokalmat er populært på Vestlandet. Coop Vest har auka salet av lokalprodusert mat med 30 prosent i 2016, og produsentane får ikkje laga nok.

– Vi selde til dømes 600 smalehovud frå Solund mat i fjor. I år har vi selt nesten 2.000. Og på Nordfjordeid prøvde vi å lage ein eigen, liten butikk med lokalmat til jul. På fem veker selde vi for varer for 800.000 kroner, fortel administrerande direktør Geir Espe til NRK.

Faktisk klarar ikkje dei lokale produsentane i Sogn og Fjordane å produsere nok. Til dømes hjå Bakar Jon på Byrkjelo i Gloppen.

– Der lagde dei 600–700 boksar med julekaker, men vi kunne selt fleire tusen om dei hadde klart å produsere meir, fortel Espe.

Klassiske juleprodukt som lefse, flatbrød, natronkake, sylteflesk og fårerull var omtrent tomt hos produsentane eit stykke inn i desember.

– Vi hadde ikkje forventa ein slik auke. Men det er kjekt å sjå at fleire produsentar no er opptekne av å skaffe nok varer. Vi har mange flinke lokalprodusentar i fylket. Og forbrukaren er villig til å betale litt meir for lokalprodusert mat, fortel Espe. 

For nokre år sidan tenkte Coop Vest at dei ville satse på dei lokale produsentane. Espe vedgår at det gjekk seint i starten, men at det no tek av.

NPK

Les flere artikler fra NPK.