Luksusbil på lågbudsjett

Audi A7 Sportback

FARTSTID: Audi A7 kom på marknaden i 2010, og han har tolt tidas tann godt. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Audi A7 er ein lekker og grandios familiebil, som ikkje treng å bli så dyr om ein er villig til å fire litt på krava.

Audi A7 er ein bil som ser ut som ein million – og gjerne kostar det også. Han er Audis stilige bidrag til den øvre middelklassa av bilsegmentet. Normalt har denne bilen ein stor V6-diesel under panseret og trekk på alle fire hjul.

Men ser ein på utvalet av tilgjengelege variantar, dukkar det opp ein modell som faktisk ikkje er så dyr. Som startar på ein halv million, utan at det er mogleg å sjå det utvendig.

Ei form for billigutgåve av ein bil som osar av velstand, med andre ord eit litt snedig val om ein ønskjer estetikken, men eigentleg ikkje er villig til å bla opp for det.

Kompromissar

Nokre kompromissar er ein naturlegvis nøydd til å inngå. Testbilen har berre framhjulstrekk, og det er ikkje nokon brumlande V6 under panseret. I staden er det ein 1,8 liters firesylindra bensinmotor. Han byr ikkje på eit lydbilete som vil bli hugsa.

Samtidig har han 190 hestekrefter, så nokon svekling er det ikkje. Men det kan jo nemnast at så å seie same motor også er tilgjengeleg til Audis minste modell, A1.

Artikkelen held fram etter biletet

Audi A7 Sportback
GREITT NOK: Testbilen har eit ganske nøkternt interiør. Her kan ein blåse av fleire hundre tusen om ein går for dei mest eksklusive løysingane. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Motoren følast ganske pigg, sjølv i ein bil som veg over 1600 kilo. 0-100 er oppgitt til 8,2 sekund, noko som stemmer bra med inntrykket ein har bak rattet.

Testbilen er utstyrt med S line-sportspakke, til vel 40.000, som gjev bilen eit litt heftigare interiør og sportsunderstell. Det verkar som ei god investering.

Understellet er fint avstemt og gjev bilen god stabilitet i svingar samtidig som det tek vare på komforten.

Forsiktig med ekstrautstyret

Ekstrautstyr i ein bil som dette gjer ofte bilen utruleg mykje dyrare enn rettleiande pris. Så skal ein ende med ein bil som kostar langt mindre enn det ser ut til, må ein vere litt varsam her.

Testbilen har eit ganske enkelt interiør med stoffsete og har ikkje girhendlar på rattet. Samtidig har han ein voksen navigasjon, ein ting som bruktmarknaden set pris på, og som saman med S line-pakken står for det aller meste av ekstrautstyrskostnaden. Utover det er det berre småting, og det gjer at bilen totalt kostar 600.000, langt under det ein skulle tru.

Artikkelen held fram etter biletet

Audi A7 Sportback
STOR NOK: 190 hestekrefter frå ein firesylindra motor er litt snauare enn forventa i ein slik bil, men det dug. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Lure systemet

Sjølvsagt er det mindre moro med denne motoren enn med ein momentsterk seksar, men sjølve bilen er framleis ein veldig behageleg og temmeleg grandios familiefarkost. Det følast på ein måte som ein har lurt systemet for nokre hundre tusen, sjølv om det er litt rart å ikkje ha eit eksklusivt skinninteriør å skride inn i.

Det er likevel éin ting ein bør gjere, velje ein annan lakk enn på vår testbil. Svart får bilen til å «gro igjen», slik at dei fine linjene blir litt vekke. Erfaringsmessig er A7 ein bil som kler den ganske så ordinære varianten grå metallic veldig bra. Då ser han også litt meir raffinert ut, noko som passar utmerkt til akkurat denne utgåva.

 

Tekniske data: Audi A7 Sportback 1.8 TFSI S tronic

Pris: 503.800.-

Pris testbil: 600.900.-

Motor: 4 syl. Bensin. Turbo. 1798 ccm. 190 hk v. 4000 o/min. 320 Nm v. 1400 o/min.

Aks: 8,2 sekund

Toppfart: 229 km/t

Forbruk: 0,58 l/mil (blanda)

Utslepp: 135 g/km CO2. 20,5 mg/km NOx.

Mål (LxBxH): 4974/1911/1420 mm

Bagasjerom: 535/1390 liter

Eigenvekt: 1615 kilo