Når det ytre er mest viktig

Når det ytre er mest viktig

LINJER: Kia har treft godt med designen på Optima stasjonsvogn. Det er ikkje mange tilsvarande familiebilar som gjer seg like bra i oppkøyringa. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Kia Optima Sportswagon er blitt ein stilig bil, men det køyremessige følgjer ikkje heilt opp.

For første gong er Kias familiebil Optima tilgjengeleg som stasjonsvogn, og det er blitt ein svært lekker bil. I utgangspunktet er Optima ein heilt grei sedan, men i denne utgåva har dei verkeleg utnytta linjene i stasjonsvogna, som dei har kalla Sportswagon. Noko som dessutan er nesten det same som Alfa Romeo har kalla sine tilsvarande bilar.

Med fare for å provosere Alfa Romeo-anorakkane, ber Optima dette namnet med verdigheit. Bilen byggjer på eit konsept som vart vist på bilutstillinga i Genève våren 2015, eit konsept som nettopp vart samanlikna med modellar frå nemnde italienske produsent.

Artikkelen held fram under biletet.

BLIR FOR DYR: Importøren seier at dei har vurdert at GT-versjonen med 245 blir for dyr for den norske marknaden, utan at dei har rekna nøyaktig på det. Dei seier samtidig at dei gjerne skaffar den om nokon ønskjer det. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Masse utstyr

Produksjonsmodellen er litt meir dempa, men har med seg den same elegante taklinja og den hissige fronten og elegante hekken. Testbilen er i det som er kalla GT-line, som vil seie at han har litt raffare felgar og andre estetiske triks som skal få bilen til å sjå litt ekstra kul ut.

I tillegg har bilen ei svært omfattande utstyrsliste som kjem med GT-pakken. Her er alt frå oppvarma ratt til adaptiv cruise kontroll, adaptive lys, relativt stor peikeskjerm, eit bra stereoanlegg og alle moglege sikkerheitssystem.

Noko som er eit stort poeng når ein ser på prisen. For dette er ikkje lenger nokon billig bil frå ein annan verdsdel, det er ein familiebil som kostar 475.000 kroner. Prisen er høgare enn på mange av konkurrentane, men samtidig har han utstyr som ikkje er standard i mange av desse andre, slik at det truleg vil jamne seg ut når bilane vert matcha på utstyr.

Artikkelen held fram under biletet.

MANGE NYE MODELLAR: Kia er inne i ein modelloffensiv. I 2016 har dei også lansert ein ny Sportage og den heilt nye modellen Niro. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

På testbilen er det berre eitt tillegg til standardutstyret, metalliclakk.

God kvalitet

Optima Sportswagon er med andre ord ein svært velutstyrt og elegant bil, utvendig som innvendig. Organiseringa av funksjonane i interiøret kan minne om ein tysk bil, rett nok ikkje dei aller nyaste, men det er god orden og lett å bruke. Den opplevde kvaliteten er godt over middels, det same er seta.

Bilen leverer umiddelbart eit veldig godt inntrykk, som vert senka ein smule på vegen. Ikkje det at han er dårleg å køyre, men han er litt daff. Dieselmotoren byr på 141 sedate hestekrefter. Det gjenspeglast i null til hundre tid på vel 11 sekund. Med ein slikt utsjånad forventar ein meir, det blir som å spasere ein tur i full lycramundur.

Det kan jo nemnast at han i andre marknader finst med fleire motoralternativ, større såleis, heilt opp til 245 hestekrefter.

Artikkelen held fram under biletet.

FUNKSJONELT: Interiøret er brukarvennleg og kvaliteten viser seg å vere god. Likevel ikkje så digitalisert som ein finn i mange andre heilt nye modellar. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Normal

I Noreg må vi altså nøye oss med denne eine dieselutgåva. Som på den positive sida er drivstoffgjerrig, og i testbilen kopla til ei velfungerande dobbeltkløtsj girkasse. Bilen har fleire forskjellige køyreinnstillingar, sport verkar litt unødvendig, medan normal passar best til bil-eigenskapane. Han byr uansett på eit gjennomsnittleg nivå av køyreoppleving.

Dei negative tinga med Optima Sportswagon heng på sett og vis saman med det stilige ytre. Bilen ser heftigare ut enn han faktisk er, og gir eit betre førsteinntrykk enn han klarer å levere. Hadde han hatt litt meir krefter, ville det vore ein bil som kunne tilfredsstilt både estetikaren og bilentusiasten. No passar han best for dei som legg mest vekt på det ytre og mindre på dei indre eigenskapane.

NPK

Les flere artikler fra NPK.

Tekniske data

  • Kia Optima Sportswagon GT-line
  • Pris: 474.900.-
  • Pris testbil: 480890.-
  • Motor: 4 syl. Diesel. Turbo. 1685 ccm. 141 hk v. 4000 o/min. 340 Nm v. 1750 o/min.
  • Aks: 11,1 sekund
  • Toppfart: 200 km/t
  • Forbruk: 0,42 l/mil (landeveg), 0,52 l/mil (by), 0,46 l/mil (blanda)
  • Utslepp: 120 gram/kilometer CO2. 21,7 milligram/kilometer NOx.
  • Mål (LxBxH): 4.855/1.860/1.465 millimeter
  • Bagasjerom: 552/1.686 liter
  • Eigenvekt: 1.560 kilo
  • Tilhengjarvekt: 1.500 kilo