Slik gjer du nyttårsfeiringa tryggast mogleg

Fyrverkeri i Lærdal.

Den store dagen er her og dei fleste av oss skal skyte opp rakettar. Her er Norsk brannvernforeining sine råd for å gjere feiringa tryggast mogleg. 

Kvart år fører bruk av fyrverkeri til bygningsbrannar, skogbrannar og grasbrann. I tillegg treng mange personar legebehandling som følgje av alvorlege brann- og eksplosjonsskadar. Fyrverkeri er i realiteten eksplosivar, og må handsamast deretter.

–  Fyrverkeri har vesentleg sprengskraft og må handsamast med varsemd. Peronar som skal handtere fyrverkeri, bør i tillegg til å vere edru, nytte vernebriller for å unngå alvorlege augeskadar, fortel kommunikasjonssjef Håvard Kleppe i Norsk brannvernforeining.

I tillegg til å nytte vernebriller meiner Kleppe at alle som kjøper fyrverkeri bør spørje forhandlaren om korleis fyrverkeriprodukta kan handterast på ein trygg måte. Han legg til at ein dessutan bør ha lest bruksrettleiing og tryggingsreglar nøye, og oppmodar alle til å følgje fyrverkerireglane til Norsk brannvernforeining.

Følg fyrverkerireglene

  1. Førebu fyrverkerioppskyting i god tid
    Medan det framleis er lyst og før festen startar, bør ein gjere klart for fyrverkerioppskytinga. Finn ein eigna stad og rigg til for avfyring. Fyrverkeriet skal ligge utilgjengeleg for born og uvedkommande fram til oppskytinga startar. Ein må sørge for at fyrverkeriet vert skutt opp i ei retning som ikkje utgjer fare for menneske eller bygningar. Tenk over vindforholda.
  2. Les bruksrettleiinga nøye før bruk
    Sjekk at fyrverkeriet er godkjend for bruk i Noreg før du kjøper det.
    Følg tilrådingane i bruksrettleiinga og legg merke til aldersgrensene. For bruk av fyrverkeri er det 18 års aldersgrense, og for stjerneskot er det 12 års aldersgrense. Yngre brukarar må vere under oppsyn av ein ansvarleg. Ein skal ikkje halde og tenne på fleire stjerneskot samstundes, då dette kan føre til kraftig flamme og brannskadar på handa.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada
    Sjekk at fyrverkeriet er heilt og utan synlege skadar. Skada fyrverkeri skal ikkje nyttast eller kastast i boset, men leverast attende til forhandlaren.   
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
    Bakkebatteri må plasserast på rett underlag og støttast opp. Lag ein avfyringsrampe der fyrverkeriet står stødig.
  5. Bruk tennstav
    Ved opptenning bør det ikkje nyttast open flamme som kan verte så stor at den set fyr på fyrverkeriet direkte i staden for lunta. Ein tennstav er tryggare å nytte enn til dømes fyrstikker. Tennstavar får ein vanlegvis kjøpt der ein kjøper fyrverkeri.
  6. Sitt på huk, tenn lunta og gå vekk
    Etter at lunta er tent bør ein straks vende andletet vekk og kome seg på trygg avstand frå fyrverkeriet. For å redusere sjansen for at ein skadar auge på grunn av feil ved fyrverkeriet, bør ein under opptenning nytte vernebriller.
  7. Bøyg deg aldri over fyrverkeri som er satt fyr på
    Fyrverkeriet kan tenne før lunta har brent heilt opp. Inne i sjølve fyrverkeriet kan det vere ei hurtiglunte, som brenn særs raskt. Difor kan fyrverkeriet som er sett fyr på verte fyrt av brått og uventa. Mange av personskadane som vert registrert i samband med nyttårsfeiring er andlets- og augeskadar.
  8. Ikkje tenn fyrverkeri på nytt dersom det ikkje tenner ved fyste forsøk
    Sjølv om lunta ser ut til å slokne, kan det vere ein liten glød som kan medføre tenning. Fyrverkeri som ikkje tenner ved fyste forsøk skal stå i 30 minuttar eller dynkast grundig i vatn før det vert fjerna. Det skal ikkje kastast i boset, men leverast attende til forhandlar. Unngå at born nyttar nyttårsdagen til å samle opp fyrverkeri.
  9. Hald god avstand frå oppskytinga
    Sørg for at alle tilskodarar held god avstand. Minsteavstand står vanlegvis skrive i bruksrettleiinga. Sikt aldri i retning av bygningar, køyretøy, menneske eller dyr. Hald kjæledyr innandørs.
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
    I alkoholpåverka tilstand vert vurderingsevna redusert, medan reaksjonstida aukar. Lat ein vaksen edru person ta seg av oppskytinga.

Naudrakettar og naudbluss
Det er ikkje lovleg å skyte opp naudrakettar i samband med nyttårsfeiring. Naudrakettar/naudbluss skal berre nyttast dersom ein er i ein naudsituasjon. Utdaterte naudrakettar og bluss skal returnerast til forhandlar for å verte destruert. 

Sunniva K. Øvstetun

Sunniva K. Øvstetun

Les flere artikler fra Sunniva K. Øvstetun.

Sunniva Karlsen Øvstetun er ei 20 år gamal jente som har jobba frilans for porten sidan september 2014,