Aldri før har det vore søkt om så mykje spelemidlar

Like før opninga av ballbinge

REKORD: Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar.​ Foto: Ina Eirin Eliassen.

Fylkeskommunen har godkjent spelemiddelsøknadar om til saman 211 millionar. Søknadssummen har aldri vore høgare, og i 2014 var summen på 124 millionar.

Sogndal: Innbyggjarane i Sogn og Fjordane viser stort engasjement for å etablere og rehabilitere anlegg for fysisk aktivitet. Kommunar, lag og organisasjonar søker om meir spelemidlar enn nokon gong.

Fylkeskommunen har no gått gjennom søknadane før dei blir sende vidare til Kulturdepartementet.

– Visjonen for arbeidet med fysisk aktivitet i fylkeskommunen er fysisk aktivitet for alle. Det er difor gledeleg å sjå at spreiinga i anleggstypar er stor og at alle aldersgrupper vert tekne i vare, seier rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.

Han er særleg nøgd med at midlane det vert søkt om skal nyttast til kompetanseheving, at søknadssummen til friluftslivsanlegg har tredobla seg, at det er mange klubbhus som er i ferd med å bli etablert og at kommunane nyttar ordninga til å ruste opp skuleområda.

– Det er i tillegg verdt å merke seg at kommunar med vidaregåande skular, som Flora, Førde, Sogndal, Gloppen, Eid og Stryn, søkjer om mykje midlar. Det er med på å styrke rammevilkår og moglegheiter for å vere fysisk aktiv, seier Skrede.

Alle kommunar bortsett frå Selje søkjer om midlar. Førde har heile 45 søknadar, som er ny rekord for ein kommune på eitt år. Gloppen kommune har den høgste søknadssummen med heile 38 millionar. Det er også rekord – i søknadssum for ein kommune på eitt år.

Fylkeskommunen har no sendt søknadene til Kulturdepartementet, og før 1. mai vil det vere klart kor mykje pengar Sogn og Fjordane får.

Endeleg fordeling av midlane vert gjort i hovudutval for næring og kultur 30. mai. Kulturdepartementet fordeler midlar til fylka på bakgrunn av tre kriterium: anleggsdekning (tal anlegg sett i høve areal), innbyggjartal og godkjend søknadssum, der det siste tel halvparten av vektinga.