Brå slutt på salutt - mange vart snurt

17. mai i Indre Sogn

FIN DAG: Lærdølene kosa seg med 17. mai-programmet - her rett før talen i Kvammegården. Men mange sakna å bli vekt til salutt. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lærdølene kosa seg på 17. mai, men mange uttrykte stort sakn etter å bli vekt av salutt - i år var det nemleg stilt på Lærdalsøyri på morgonen nasjonaldagen.

Lærdal: Fleire uttrykte på sosiale medier både undring og misnøye med at dei ikkje vart vekte av salutt 17. mai på Lærdalsøyri. Anne Grøttebø var av dei som tykte det var merkeleg stilt på morgonen nasjonaldagen:

Facebook-postResponsen let ikkje venta på seg; i løpet av nasjonaldagen tikka det inn rundt 40 kommentarar og kommentar på kommentarar.

- Eg har venta kvart år sidan eg var liten på denne salutten, så eg ville no berre slenga ut eit innlegg for å høyra om eg hadde gått glipp av den. At det skulle bli så voldsamt med kommentarar, hadde eg ikkje sett føre meg, seier Grøttebø til Porten.no.

Kronerulling, Lothepus og Einemo

Dei fleste kommentarane låg på det humoristiske planet. Nokre uttrykte at det var behageleg fredeleg utan salutt, men den defintive hovudtyngda av kommentarar gjekk på at salutten var sårt sakna.

Ettersom det vart klart at høge kommunale kostnadar for å fyra av salutt var bakrunnen for den stille 17. mai-morgonen, kom framlegg som gjekk på alt frå å starta kronerulling, til å leiga inn Lothepus til at einkvan frå familien Einemo sikkert ville fiksa salutt gratis neste år.

Og det siste kan sjå ut til å bli realitet, i alle fall om ein ikkje snakkar om salutt akkurat i sentrum. Rune Einemo går nemleg på Facebook langt i å lova at han skal fiksa salutt på eigedom sin på Strendene.

For ein 17. mai utan salutt er tuskne greier, tykkjer han sjølv.

- Når det er snakk om såpass lite pengar for å få til noko som har vore tradisjon, og noko ungane har vakna til alle nasjonaldagar på Øyri, blir det stilt og tuske utan salutt. No hadde no ikkje eg høyrd salutten ute på Strendene lell, men at det blir fyrd av salutt ute hjå meg neste 17. mai har eg forbanna meg på, seier Einemo.

- Må prøva å få det innatt dersom massivt ønskje om salutt

Kulturleiar i Lærdal kommune, Magne Grøttebø forklarar kvifor salutten glimra med sitt fråvêr:

- I fjor kom det ei ny lov som gjorde det mykje strengare å driva med sprengstoff. Den innbefatta at dei som gjennomfører salutten må ha lager og sprengstoffsertifikat. Noko som igjen medførte at me inklusiv moms brukte 15 000 kroner i fjor mot 2 500 kroner åra før. Difor tok eg  ei avgjerd saman med kommunalsjefen om å kutta ut salutten i år.

- Det gjekk ikkje an å utstyra ordføraren med eit gevær og lauskrut så ein fekk smell til ein billegare penge?

- For å skyta med svartktrut treng ein ikkje sertifikat.  Så blir det eit massivt ønskje om salutt, må me prøva å få det innatt. Og då kan det vera me finn andre løysingar, ja.