Dette er scenene for arbeidarromanen hans​

Dette er scenene for arbeidarromanen hans

SCENER: Aluminiumsverket og Årdal er scenene i den nye arbeidarromanen til Lasse W. Fosshaug som kjem i neste veke. Foto: Hydro/Heidi Furre. 

I neste veke kjem forfattaren Lasse W. Fosshaug ut med boka «Alt etter havet», der mykje av handlinga finn stad i Årdal.

Årdal: Boka er ein klassisk arbeidarroman med science fiction-element, der delar av handlinga foregår på aluminiumsverket i Årdal, medan andre delar av boka finn stad i Russland. 

– På eit nivå foregår det ei tidsreise for å vise kva konsekvensane blir av enkeltes handlingar og kva den vesle mannens rolle i den store historia er, fortel forfattaren til Porten.no.

Boka er den tredje i rekka. I 2013 kom debutromanen «Over brua», som han blei nominert til Norlis debutantpris for. Sidan 2014 har han jobba med denne nye tittelen som vert gitt ut i neste veke.

«Alt etter havet» foregår på to plan: Me møter hovudpersonen Ivan Ivanovitsj idet han kjem til vår tid etter ei tidsreise frå relativt nær framtid. Han får seg husly på hotellet, jobb på det lokale aluminiumsverket – alt etter planen.

Framtidsdystopi

Medan livet går som vanleg i bygda, med lønningspils på fredagar på kinarestauranten, nedbemanning av fabrikken i fotballkampar på TV, får lesaren vite meir om Ivans liv før han enda opp i ei byd i Noreg.

Lasse W. Fosshaug.
NY BOK: Lasse W. Fosshaug gir ut ny bok der scenene i boka er lagt til Årdal. Foto: Heidi Furre.

– Ein del av boka er sett til Årdal, medan på eit anna plan er det ein framtidsdystopi i eit totalitært regime i Russland, som plutseleg vart dagsaktuelt medan eg skreiv boka med tanke på eksportpolitikk og teknologisk utvikling i Noreg som plutseleg havna i feil hender, forklarar han. 

– Kult å få naturen med i boka

Fosshaug har brukt tida sidan førre utgjeving til å skrive boka. Han har hatt fleire turar til Årdal for å drive research.

– Eg hadde lyst til å skrive med utgangspunkt i industrisamfunn. I den førre boka var handlinga lagt til eit sagbruk i heimtraktene mine, men det blir litt for nærme, så no ville eg prøver å skrive om noko litt utanfor min sfære. Då må ein jobbe meir med historia, fortel han.

ARBEIDARROMAN: «Alt etter havet» er ei bok om dei små menneska i den store historia. Om enkeltmenneskets rolle i tid og rom, der lesaren vert utfordra til å reflektere over kva rolle teknologien spelar i liva våre. 

– Eg ville gjerne skrive frå kyststrøk, så eg tenkte på bedrifter folk har kjennskap til og enda opp i Årdal. Eg har vore på besøk og tatt bilete, og så har eg køyrt gjennom fleire gonger. Det er ein fantastisk flott stad, og det er kult å få naturen inn i boka og historia. 

Omvisning på verket

Besøka til bygda har gitt litt innsikt i korleis det er å vere industriarbeidar, men det ligg også ei generell betraktning av korleis ein arbeidar tilbringer fritida si. 

– Eg byrja på boka i 2014 og har vore på besøk der eg mellom anna fekk omvisning på fabrikken. Der fekk eg ta notat og snakke litt med dei som jobbar der. Det verkar som eit bra arbeidsmiljø.

«Alt etter havet» er ei bok om dei små menneska i den store historia. Om enkeltmenneskets rolle i tid og rom, der lesaren vert utfordra til å reflektere over kva rolle teknologien spelar i liva våre.