Familiekonsert i Ofredal: – Trur det blir ein tradisjon

Familiekonsert i Ofredal: – Trur det blir ein tradisjon

FAMILIEKONSERT: Laurdag sist helg avslutta VDV-Årdal årets sesong med familiekonsert i Indre Ofredal. Foto: Privat.

Også i år avslutta Vokal- og dramaverkstaden i Årdal sesongen Ne' fø' sjøen.

Indre Ofredal: – Det var ikkje like mange der i år som i fjor, kanskje rundt hundre, men det var likevel bra med folk, og det vart ein flott dag i Indre Ofredal, seier leiar for VDV-Årdal, Elisabeth Stewart Søvik.

I år som i fjor avslutta elevane hennar musikkåret på det flotte anlegget i Indre Ofredal med to familiekonsertar. Først ein med dei yngste elevane, og deretter ein med dei eldre songarane.

Artikkelen held fram under biletet.

FOR HEILE FAMILIEN: Det var to konsertar, ein med dei yngste elevane og ein med dei eldre ungdommane og vaksne. Til saman byr det på underhaldning for heile familien. Foto: Privat.

– Det er fint for heile familien å koma ut dit. Me var der i fjor, og me vart inviterte ut i år også. Eg trur det kan bli ein tradisjon at me avsluttar sesongen der. Det er kjempefint, og det er jo heilt nydelege omgjevnader, seier ho.

MYKJE FOLK: I fjor var oppmøtet eksepsjonelt, men også i år var det mange som fann vegen til Indre Ofredal. Foto: Privat.

Dyktige vokalistar

Opplett var det også, og med flinke songarar på scena, låg alt til rette for ein nydeleg dag på det som nesten kan kallast Årdals nyaste turistattraksjon. Anlegget i Indre Ofredal er riktig nok eldgamalt, men takka vere ein flink gjeng som driv dugnad her, er det stadig fleire som finn vegen ut til Indre Ofredal.

– Konsertane gjekk så bra. På den første konserten er det dei yngste som sjarmerer, men sjølv om dei er 4–5 år gamle, står dei på scena og syng heile songar åleine. Dei er så flinke. På den andre konserten er det dei litt eldre songarane og ungdommane som syng. 

Søvik meiner sjølv dette er nokre av dei flinkaste vokalistane i bygda.

– Eg er kjempenøgd med alle saman. Eg er heldig som har så dyktige elevar.