Første julefeiring i «dokkehuset» 

Første julefeiring i «dokkehuset»

PERFEKT: Inger Stokke feirar si første jul i sitt vesle «Tiny House» på Lærdalsøyri. (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

– Nokre gonger blir eg litt ærbødig og ein kjenner at tårene pressar på når eg tenker på kor fint eg har det, seier Inger Stokke som feirar si første jul i minihuset på 43 kvadratmeter. 

Lærdal: Inger Stokke nynnar i takt med juletonar frå filmen Polarekspressen medan ho førebur seg til årets julemiddag på kjøkkenbenken som har fått namnet «øya» i det vesle «Tiny huset» sitt på Lærdalsøyri.

Les også: Bygger eit av Europas første «Tiny-House» i Lærdal

I fjor starta byggeprosjektet med det amerikanske husfenomenet «Tiny House». Konseptet går ut på å minimalisere, vera miljøvennleg og fungerer som eit billig alternativ for dei med eit stramt budsjett.

Fantasihus

Sjølve huset stod klart i mai, men Stokke følte seg først heima i august då alle tinga endeleg var på plass.

– Det var då eg kunne byrja å leve livet mitt fullt ut i det nye huset. Det er eit lite hus og det var det eg ville ha. Eg har fått ei blanding mellom eit fantasi- og dokkehus. Men det er mykje meir plass enn eg trudde, fortel ho.

Stokke har brukt lang tid på å planlegge alle krikar og krokar ned til minste detalj. I gjengjeld har ho fått utnytta plassen maksimalt.

FØRARHUND: Utanfor huset er det førarhunden Ninni som hjelp Inger Stokke å navigere. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Stova finst både nede i første etasje og på ein av dei to hemsane som ein kan klatra opp til ved hjelp av ein stige.

– På kjøkkenet har eg «øya» mi som no vert utvida med ein lem slik at fleire kan sitja rundt bordet. Eg har all den plassen eg treng, seier ho.  

Slepp lyset inn

Vindauga i huset er store og slepp inn det vetle lyset som kjem i vintermånadane. Alle veggene er måla kvite for å få ei kjensla av meir lys.

– Lys er viktig for meg. Eg er veldig glad i riktig lys. Ein blir glad av det. Her inne får ein lys frå alle kantar, seier Stokke.

PERFEKT: Inger Stokke har alt ho treng på sine 43 kvadratmeter. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Over oppvaskkummen er det eit stort vindauga med utsikt over gata. Medan ribba steiker i omnen, har snøen så vidt byrja å dale utanfor denne julaftan.  

DETALJAR: Alt i huset har ein historie. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Det syns eg er kjempe koseleg. Når eg er åleine i huset brukar eg ikkje oppvaskmaskina, då vaskar eg for hand. Det å stå der med hendene i varmt vatn og kjenne på lyset er heilt fantastisk. Nokre syns kanskje at huset er altfor kvitt innvendig, men eg likar det, understrekar Stokke.  

Huset snakkar

I det vetle huset er det fult av elektroniske duppedittar som ein ikkje nødvendigvis kan sjå, men som snakkar.

– Alt som er i huset snakkar. Kjøkkenvekta seier kva ting veg. Når eg lagar meg te, har eg ein dings som seier i frå når kjelen nesten er full. I dette huset kan eg gjera absolutt alt som alle andre som ikkje er svaksynte kan, seier Stokke.

INSPIRASJON: Huset er inspirert av Rosehill Cottage i filmen The Holiday. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Rundt i huset køyrer den vesle robotstøvsugaren som har fått namnet «Alfie» rundt.

– Førarhunden min Ninni vart litt sjalu i starten. Men så putta me godbitar oppå den for Ninni si skuld. No er det berre veldig gøy. Det er kjempe smart på alle måtar for svaksynte, seier Stokke.

NØGD: Huset var ferdig i mai, men alt var på plass først i august. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Assistenten til Stokke har også hjulpet til med å få skrudd og hengt gjenstandar på plass.

– Samtidig så snakkar centimetermålaren og vateret mit. Alt verktøyet mitt pratar, så eg har klart å gjort ein del sjølv òg, seier ho.

Maksimalistisk stil

Interiøret i huset er inspirert av Rosehill Cottage frå filmen The Holiday som har rulla over norske TV-skjermar den siste veka.

– Eg vil ha den vetle, skjønne og merkelige stilen. Ingenting matchar. Stilen min er framleis ikkje minimalistisk. Den er litt maksimalistisk, seier Stokke.

ANGLOFIL: Fleire av gjenstandane i huset kjem frå England. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

I lysekrona har julepynten blitt hengt opp og i skråtaket har Stokke montert fotografi, og fleire skal det bli.

– Eg vil ha min stil slik den var før eg mista synet. Folk ville nok ikkje ha hengt bilete på skråveggar, men eg gjer det, fortel ho.

TE: Inger Stokke har ingen like tekoppar, men vel den som passar til dagsforma. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Favorittjulepynten hennar heng i lysekrona. Det er en gjeter inne i ei glaskula som ho fekk av ei god venninne frå nokre år sidan. Stokke meiner at det er eit under at den har overlevd alle desse åra.

– Eg er vaksen, men eg er forferdeleg barnsleg. Narnia-plakaten min heng på veggen heile året. Harry Potter også. Ingen av koppane mine er like og eg vel kopp etter dagsforma, seier Stokke.

Anglofil

Konseptet «Tiny House» kjem frå USA, men Stokke er klar på at det ikkje vil komme noko amerikansk inn i dette huset. Ho er nemleg anglofil.

– Gjenstandar frå England derimot, YES! Utbryt ho.

På bordet står den britiske juledesserten plumpudding klar.

DESSERT: På bordet står den britiske juledesserten plumpudding klar. Foto: Camilla Skjær Brugrand.  

– I puddingen skal ein ha ein mynt. Det er tradisjon. Den som får mynten vinn ei gåve. Den er den britiske versjonen av mandel i grauten. Det er litt spesielt. Alle som skal komme å eta den må gi ein røring rundt, forklarar ho.

Alt i Stokke sitt hus har ei historie og alt er svært britisk.

«Feel-good»

– Det er eit «Feel-good» hus. Det er slottet mitt. Det handlar om stemning og det å kunne lande og kjenne at ein har det godt. Det summerer opp heile stilen min, seier ho.

Ein annan regel som ho har, er at ingen får reise frå huset med eit dårlig humør.

JULESTEMNING: På ein av hemsane har det vesle juletreet til Inger Stokke fått plass. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Ingen får gå ut døra og vera sure. Då må ein tilbake og ordna opp i det. I dagens samfunn handlar alt om karrierejag, stress, vise fram hus, pengar, bil og gud veit kva. Det alt kokar ned til er ikkje den svære lykka som ein får når ein vinn i lotto, men det å kunne sei at ein har det bra, seier Stokke.

I jula har Stokke bakt alle sju slaga medan ho har høyrt på julemusikk.

– Det blir ein del jazz, Danny Kaye, David Bowie og Bing Crosby – eg er heilt avhengig av musikk. Det må eg ha. Eg spelar høgt, forklarar ho.

GJESTEROM: På den andre hemsen er det gjesterom. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Då er det bra at ho ikkje har naboar som bur så innmari nærme. Dette er første jula Stokke feirar i det nye, vetle huset sitt på Lærdalsøyri. Første juledag dreg ho vidare til London for å halde fram med feiringa der, på tradisjonelt vis.

JULEPYNT: I taket heng lysekrona med deler av julepynten. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

– Nokre gonger blir eg litt ærbødig og ein kjenner at tårene pressar på når eg tenker på kor fint eg har det. Det er så perfekt. Eg får så mykje impulsar frå London og i tillegg får eg bu i dette fine huset her i Lærdal, avsluttar ho.