Korpset frå Årdal gjekk rett til topps

Korpset frå Årdal gjekk rett til topps

LEVERTE VARENE: Farnes skulemusikk leverte verkeleg varene under Nordvesten i Florø i helga og vann sin klasse i 3. divisjon. Foto: Odd Henry Kinserdal.

Farnes skulemusikk vann sin klasse under regionmeisterskapen «Nordvesten» i helga. 

Årdal: Korpset deltok i 3. divisjon janitsjar og fekk ein skikkeleg opptur ved å vinna sin klasse.

– Me hausta ståande applaus frå publikum etter me var ferdige og fekk tilbakemeldingar på at me spelte reint og fint, og at me hadde eit svært underhaldande program, fortel dirigent Sigyn Øren.

Heile 17 korps deltok på meisterskapen i Florø, skulekorps konkurrerer i ulike greiner. I 3. divisjon janitsjar var Breim og Sandane skulekorps einaste konkurrent. Dei fekk 86 poeng mot Farnes skulemusikk sine 87. 

Gode tilbakemeldingar

Det var like etter jul korpset frå Årdal bestemte seg for å melde seg på konkurransen. Dei siste månadane har dei nytte til å øve inn fem sjølvvalte musikkstykke sett saman til eit konsertprogram.

Artikkelen held fram under biletet.

TIL TOPPS: Denne gjengen gjekk til topps i 3. divisjon janitsjar under Nordvesten i Florø i helga. Foto: Odd Henry Kinserdal.

– Det var to dommarar i salen, og dei gav oss fine, skriftlege tilbakemeldingar på at me hadde mange flinke musikantar i korpset, at me hadde eit godt og underhaldande program, at me hadde fått med oss mykje informasjon i notane, og at me jobbar riktig med stoffet, seier Øren.

Eit viktig samarbeid med skule

Korpset samarbeider tett med kulturskulen og grunnskulen i Årdal kommune. Dette samarbeidet har truleg berga korpset tilbake i 2010. Frå og med då la Farnes skule til rette for at musikantane kunne øve i skuletida, medan kulturskulen bidrog med lærarkrefter og dirigent. Brått steig medlemstalet frå 5 til 25.

Artikkelen held fram under biletet.

SOSIALT MILJØ: Korpsturar er viktig for å byggje eit godt musikalsk og sosialt miljø. Foto: Odd Henry Kinserdal.

– Der har me halde oss stabilt dei siste sju åra. Desse åra har dei brukt på å bygge opp eit godt musikalsk og sosialt miljø, og det å reise på tur er det kjekkaste av alt, uavhengig om det er på konkurranse i Florø eller på festival i Italia. 

Korpset deltok på Nordvesten i 2015 og fekk då ein fin 2. plass i 3. divisjon.