Melding av «Svik»: DumDum Boys møter Kaizers

Melding av «Svik»: DumDum Boys møter Kaizers

AMBISIØS: «Låta særs rytmisk, og set store krav til timing. Her skal ord, tangentar, strengar og perkusjon spela saman på tidelen utan at det heile går i stå». 

Verdsmannen Ketil Thorbjørnsen går ambisiøst til verks i si nye låt.

Årdal: «Svik» er ei svært politisk låt, og Ketil Thorbjørnsen legg ingenting mellom når han sablar ned flyktningpolitikken til regjeringa og i fremste rekkje Frp.

Kva ein måtte meina om denne innfallsvinkelen kjem naturlegvis mykje an på kva syn ein har på saka, men Thorbjørnsen er overtydande i sine ord. Sarkasmen og ironien i teksten kan kanskje få einkvan til å meina at det er overtydeleg kvar han vil, men går det eigentleg an å vera ueinig i: «Ler du av flukt, ler du av folk på veg ned»? 

Ikkje berre orda, men også stemma til Thorbjørnsen formidlar bodskapen svært godt. Den er kraftig, men har samstundes ein sårbar twist. Kombinasjonen av orda og stemma gjer at ein liksom ser føre seg visse Frp-arar spreia om seg av det Thorbjørnsen meiner er eder og galle.

Svært rytmisk

Når det gjeld det reint musikalske står vokalen fjellstøtt - Thorbjørnsen syng rett og slett godt og tøft. På den instrumentale sida er «Svik» både ambisiøs og original. Det er alltid lett å samanlikna med store artistar, og eg får ei kjensle av at råskapen i mykje av DumDum Boys sitt materiale møter rytmikken hjå Kaizers. 

Det betyr ikkje at låta ikkje står på eigne bein, for det gjer den til dei grader. Å setja ein etikett på dette er slett ikkje lett. Rytmisk rock med ei lita kjensle av storbandsound på refrenget, kanskje? I alle fall er låta særs rytmisk, og set store krav til timing. Her skal ord, tangentar, strengar og perkusjon spela saman på tidelen utan at det heile går i stå - slik sett ser eg føre meg at låta er svært krevjande å spela live.

Originaliteten slår ut for full blom mot slutten der noko så uvanleg - i alle fall i denne «sjangeren» - som ein trekkspelsolo gjer sin inntreden.

Og det må seiast - underteikna høyrer utan unntak på metal eller veldig tung rock til dagleg. Såleis står ikkje trekkspel veldig høgt i kurs. Men her funka det, som alt anna i «Svik».

Vurdert av Ole Ramshus Sælthun