Spelar Santana på romjulsfesten: – Dette skal bli tøft

Essential Santana

SKAL GJE ALT: Essential Santana lovar å gje alt dei har under romjulsfesten til Øvre Årdal Janitsjarkorps på Kulturhuset i Øvre Årdal vesle nyttårsafta.  Privat foto

– Det blir full fart frå me byrjar til me sluttar. No når folk vil pressa ut litt ribbe er dette ypparleg musikk.

Årdal: Joacim Styve, Odd Tore Moen og dei andre i Essential Santana lovar å gje alt dei har under romjulsfesten til Øvre Årdal Janitsjarkorps på Kulturhuset i Øvre Årdal vesle nyttårsafta. 

– Me spelar alt frå dei eldste til dei nyaste låtane, tek heile historien til Santana. Dette er fengande partymusikk som skapar veldig god stemning.

Essential Santana er inne i sitt 11. år etter debuten under Påskerock våren 2006. Bandet kom til mest ved ein tilfeldigheit då dei lokale arrangørane utfordra vokalist, Odd Tore Moen til å levere eit sett med låtar av Santana.

Artikkelen held fram under biletet

Essemtial Santana
STORT BAND: Det skal mange musikarar til for å covra Santana.

 – Nærare 30 låtar over to proppfulle sett

Suksessen let ikkje venta på seg og bandet vart tinga til å opptre under samtlege av dei fire av dei store tilstellingane i Årdal under eitt og same år – Påskerock, Fjord til Fjell, Haustmyldring og Romjulsfesten.

Og dei har vore nesten like aktive i år - Essential Santana spelte både under Påskerocken og Fjord til Fjell før dei no altså avsluttar året med Romjulsfesten.

– Me har eit par nye låtar med denne gongen, elles er det same settet. Det blir nærare 30 låtar over to proppfulle sett. Det er ein stor rytmeseksjon i dette ensemblet - me har trommeslagar og to på perkusjon. Musikken skal vera veldig likt slik Santana spelar - me har alle moglege perkusjonsrekvisittar. Dette skal bli tøft.   

Prosjektet er altsåt latininspirert, og er ei tilnærming til progrock-tida på slutten av 60- talet og starten av 70-talet. Santana var då blant dei store i verda, men skilte seg ut på grunn av sin bakgrunn i latinamerikansk musikk.

Essential Santana består i tillegg til Moen og Styve av: Ole Magnar Nundal, Ketil Ellingsen, Odd Sigmund Høl, Frank-Runar Øren, Per Hillestad, Terje Svori og Helge Øren. Dei går på scena klokka 2230 fredag kveld i Kulturhuset.