Ung kultur møtest i Høyanger

UKM i Årdal

SAMLAST: UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 31. mars–2. april. 250 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.

UKM-festival Sogn og Fjordane vert arrangert i Høyanger 31. mars–2. april. 250 ungdommar frå heile fylket skal vise kva dei kan, knyte kontaktar og få inspirasjon gjennom ei heil helg.

Høyanger: I løpet av festivalhelga skal ungdomane delta på sceneframsyningar og ei utstilling. Alt er ope for publikum. I tillegg blir det konsert på Ungdomskafeen i sentrum fredag kveld og i Høyanger kyrkje laurdag kveld. Og kanskje poppar det opp UKM-ungdommar også andre stadar i sentrum i løpet av helga?

Line Dybedal i fagpanelet

Fagpanelet under festivalen skal plukke ut 30 ungdommar som får tilbod om å representere Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-festivalen i Sandnes i juni. Line Dybedal frå Selje, kjent frå mellom anna The Pink Robots og for låta «Stille» frå 2015, har lang fartstid som deltakar i UKM og skal vere med i fagpanelet under festivalen.

– Eg ønskte å vere med i fagpanelet fordi det er artig å sjå kor mange talent som finst i fylket. Det er så utruleg mange måtar å uttrykk kunst på. Det handlar ikkje nødvendigvis om kven som kan spele fortast, synge høgast eller danse teknisk riktig. Det har også mykje med utstråling  og formidling og gjere, seier Dybedal.

Innslaga og utstillingsarbeida som går vidare skal representere breidda av ung kultur i fylket.

Showet er det ungdommar som styrer, frå å leie førestillinga til arbeidet som vert gjort i kulissane.

– UKM er ein viktig arena fordi det er mogleg for alle vise seg fram. Ein får super trening. Det er ofte slik at når ein fyrst er kome under «UKM-vinga» så held ein seg der – gjerne i mange år, seier Dybedal.