Vil ha inn filmar til festival

Sogndal Filmfestival

FILMAR: – Vi har alt fått inn fleire filmar til konkurransen, og vi håpar på god deltaking på årets festival, seier festivalsjef Sunniva Breivik (t.h.) i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogndal Filmfestival inviterer ungdom frå heile Vestlandet til å sende inn kortfilmar til festivalen 23. og 24. mars.

Sogndal: Festivalen, som vert arrangert av medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule, profilerer seg som «Det beste av ung kortfilm på Vestlandet».

 – Vi har alt fått inn fleire filmar til konkurransen, og vi håpar på god deltaking på årets festival, seier festivalsjef Sunniva Breivik i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Gallakveld

Festivalen kjem i år til å dele ut priser i ti forskjellige kategoriar, inkludert publikumsprisen som blir stemt fram. Arrangørane ønskjer å nå ut til ungdom på heile Vestlandet, og festivalsjefen oppmodar alle unge filmskaparspirer til å gå inn på Sogndal filmfestival sine nettsider for å skaffe seg meir informasjon og sende inn film.

Sogndal Filmfestival
ARRANGØRAR: Det er avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som arrangerar Sogndal Filmfestival. Bak frå venstre: Robert Indrebø, Magnus Grotle Førde, Trine Husdal, Brede Kvist, Håvard Aasen Andersen. Framme frå venstre: Ingeborg Flatjord Kjøsnes, Frida Jordalen Skoglie, Veronika Vindedal og Sunniva Breidvik. Pressefoto.

Det er avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule som også i år er ansvarleg for filmfestivalen. Målet er å vise fram det beste av filmar som ung, kreativ, vestlandsk ungdom i aldersgruppa frå 15 til 30 år har å by på.

Sogndal Filmfestival inkluderer gallakveld torsdag 23. mars med raud laupar, prisutdeling, underhaldning og sofaprat med gjestar frå filmbransjen. Fredag 24. mars blir det fagdag frå tidleg føremiddag. Kven som blir føredragshaldarar i år, vil ikkje arrangørane røpe enno. Både gallakvelden og fagdagen blir opne arrangement i Sogndal kulturhus og høver for publikum i alle aldersgrupper. 

Storfint besøk

I fjor var det Dagny Sunde frå Eid som stakk av med publikumsprisen for filmen «Fryktfaktor». Håvard Bergo frå Eksingedalen vann fleire prisar i kortfilmkonkurransen, mellom anna for filmen om den 93 år gamle bestefaren sin, «Helge Bergo – Takk for turen».

Under fjorårets filmfagdag hadde festivalen mellom anna besøk av filmregissøren Erik Poppe, som synte klipp frå den komande storfilmen «Kongens nei», tv-aktuelle Leo Ajkic og Brennpunkt-redaktør Odd Isungset.  

Årets festival blir den tolvte i rekkja, og festival nummer elleve med kortfilmkonkurranse.

Dette er priskategoriane:

Bestemte aldersgrupper:

  • Juniorprisen (barn og ungdom til og med 15 år)
  • Seniorprisen (20–28 år)

For ungdom opp til 19 år:

  • Beste regi og manus
  • Beste etterarbeid
  • Beste dokumentarfilm
  • Beste animasjonsfilm
  • Beste film

Alle aldrar

  • Beste sportsfilm
  • Publikumsprisen 
  • Juryprisen