Trailer imot

Helge Robert Midtbø og Hilmar Høl

FRAMLEGG: Arbeidarpartiet har fremja 11 punkt til betringar av situasjonen i Stortinget, skriv kronikkforfattarane Helge Robert Midtbø (t.v.) og Hilmar Høl i Sogn og Fjordane AP. Foto: Jostein Vedvik.

Når utanlandske firma pressar sjåførane sine til det ytste på både køyretid, løn og sikkerheit, og den tekniske standarden grensar til farleg, så er dette i høgste grad eit politisk problem, skriv Helge Robert Midtbø og Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeiderparti.

KRONIKK: Kjem det ein trailer imot når du er ute og køyrer, vil du helst at sjåføren skal vere utkvild og konsentrert. Tunge køyretøy med nedslitne bremser og blanke dekk, er heller ikkje noko kjekt å tenkje på for andre trafikantar.

Kvifor lèt FrP/Høgre-regjeringa dette hasardspelet på vegane våre halde fram? Alle som jobbar i den seriøse transportnæringa veit kva vi snakkar om. Dei har lenge ropt varsku. Det har vore medieoppslag landet rundt, seinast i NRK Sogn og Fjordane den 18. April.

Når vi ser på tala frå SSB og Statens Vegvesen, kan vi rekne oss fram til at ledig lastekapasitet nær 570 tomme lastebilar passerar grensa inn til Noreg kvar einaste dag. Dette er eit tydeleg teikn på at stadig fleire utanlandske lavprisselskap køyrer over grensa vår med symbolsk last for å få tilgang til innlandsmarknaden i Noreg.

Når grensa er passert, er det mogleg køyre opp til tre turar i Noreg. Ikkje minst er det fullt mogleg å underby den seriøse transportnæringa som faktisk føl det norske regelverket.

Det er her det byrjar å bli problematisk. Når utanlandske firma pressar sjåførane sine til det ytste på både køyretid, løn og sikkerheit, og den tekniske standarden grensar til farleg, så er dette i høgste grad eit politisk problem. Arbeidarpartiet har difor fremja 11 punkt til betringar av situasjonen i Stortinget.

Mellom anna føreslår vi eit register over utanlandske aktørar i transportbransjen. Liknande ordningar har blitt innført i bl.a. Danmark, og der har det blitt enklare å føre tilsyn med utanlandske aktørar. Ved å innføre dette i Noreg vil vi få betre oversyn og større musklar i kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i transportbransjen.

Framlegget vårt har fått brei tilslutning frå faglege styresmakter og organisasjonane, både på arbeidstakar- og eigarsida. Enkelt sagt; alt frå sjåfør til transportfirma og vegvesen er positiv til dette. Då forstår vi ikkje at FrP/Høgre-regjeringa seier nei. Då Siv Jensen fekk høyre om ein biletkunstnar som hadde fått problem i tollen, heiv ho seg rundt på dagen og ordna opp. Men når yrkessjåførane så tydeleg og lenge har slått alarm om det som skjer på vegane våre, er reaksjonen lunken og passiv.

Denne haldninga er respektlaus for den seriøse transportnæringa og sjåførane. Framfor alt er det lite omsynsfullt overfor alle som ønskjer å ferdast trygt på vegane våre. No er det på tide med litt handlekraft.

Helge Robert Midtbø - Stortingskandidat, Sogn og Fjordane Ap

Hilmar Høl - Leiar Sogn og Fjordane Ap