135 omkom i trafikken i 2016 – 117 av dei menn

Naudetatane med storøving på Loi

ULUKKER: Fire omkom i trafikken i Sogn og Fjordane i 2016. På landsbasis var det ei svært stor overvekt av menn i denne dystre statistikken. Bilete frå ei øving for naudetatane. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes 

135 menneske mista livet på norske vegar i 2016. Det er 18 fleire enn i 2015. 117 av dei omkomne var menn og 18 kvinner.

Åtte har mista livet i desember-trafikken i år mot ti i fjor, viser førebelse tal frå  Statens vegvesen.

Flest dødsulykker i 2016 har det vore i Rogaland (15), Buskerud (14) og Akershus (12), mens Aust-Agder (2), Oslo (4), Telemark (4), Sogn og Fjordane (4) og Troms (4) har hatt færrast.

– Dette er nedslåande. Sjølv om tendensen over tid er at det er stadig tryggare på vegane, er dette mykje meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulykke er det ein tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

– Eit markant trekk i 2016 har vore ein overrepresentasjon av godt vaksne menn med for stor fart som fører til utforkøyringsulykker, seier han.

Kvar tredje omkomne var ein mann mellom 45 og 64. Dette er ein kraftig auke i forhold til tidlegare år. Utforkøyringsulykker utgjer meir enn éin av tre dødsulykker, seier vegdirektøren.

NPK

Les flere artikler fra NPK.