Så lang blir ventetida når Fjærlandstunnelen opnar att måndag

Brann i Fjærlandstunnelen

OPPRYDDING: Brannen i denne feiebilen måndag kveld gjorde at Fjærlandstunnelen har vore stengt sidan. Måndag opnar tunnelen att. Arkivfoto: Jo Marius Bøyum.

Frå Fjærlandsida blir første moglegheit til å sleppa gjennom Fjærlandstunnelen rundt klokka 08.15 måndag morgon.

Sogndal: Frå jølstersida går første kolonne eitt kvarter før, klokka 08.00.

– Me opnar Fjærlandstunnelen for styrt trafikkavvikling måndag morgon. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring, med inntil 30 minutts ventetid, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Leidebilsjåførane vil tilpasse det slik at rutebussane vert minst mogleg forseinka.

Styrt trafikkavvikling vil vere gjeldande inntil ny beskjed blir gitt, ettersom det fortsatt er arbeid i tunnelen som må gjerast ferdig, heiter det vidare i pressemeldinga.

Skal vaskast grundig

Reparasjonsarbeidet pågår i dag for fullt inne i tunnelen, og vil vara gjennom helga. Fredag er det påføring av sprøytebetong for å sikre tunneltaket på brannstaden, det blir sett inn fjellsikringsboltar, og snart startar arbeidet med å reparere det elektriske systemet i tunnelen. Tunnelen skal òg vaskast grundig før opning måndag morgon.

– Mange har stått på for å reparere tunnelen så fort som mogleg, og me er glade for at tunnelen kan takast i bruk allereie måndag, seier Finden.