Ap vil vidareføre dagens reglar med søndagsopne butikkar

Illustrasjonsbilete av søndagsopen butikk.

VIDAREFØRING: Sogn og Fjordane Ap krev at Arbeiderpartiet i sitt program for 2017 garanterer at dagens reglar for søndagsopne butikkar vidareført. Foto: Jan Christian Jerving.

Sogn og Fjordane Ap krev at Arbeiderpartiet i sitt program for 2017 garanterer at dagens reglar for søndagsopne butikkar vidareført.

Førde: Det kom fylkeslaget fram til under årsmøtet denne helga. Det er lova om heilagdagar og heilagdagsfred som regulerer moglegheita for å ha søndagsope.

Ifølgje lova skal butikkar halde stengt på søndagar og heilagdagar, samt etter klokka 16.00 på jul-, påske- og pinseaftan, der unntaka til dømes er kioskar eller daglegvarebutikkar med salsflate på under 100 kvadratmeter.

– Forbrukarane og familiane treng eit pustehol i ein elles travel kvardag, der fellesskapet er noko anna enn shopping. Søndagsopne butikkar vil bety at mange fleire tilsette må arbeide på søndagar, heiter det i vedtaket.

– Lite tyder på at den totale omsetjinga aukar ved søndagsope. Utgiftene aukar derimot, på grunn av utvida arbeidstider og løn. Det vil kunne gi dyrare varer og auka prisar, mellom anna på mat.

Dei store vil utkonkurrere dei små

Ap meiner at dei store sentra og kjedene som har råd til å halde søndagsope, vil utkonkurrere dei små butikkane. 

– I Noreg er det etterspurnad etter arbeidskraft. Det er uklokt å bygge behov for mange fleire tilsette i butikknæringa når det er stort behov for folk i til dømes helsevesenet og i byggenæringa.