Arvid vart overraska med Kongens fortenestemedalje på nasjonaldagen

Arvid vart overraska med Kongens fortenestemedalje på nasjonaldagen

STOR DAG: 17. mai vart litt ekstra spesiell i år for Arvid Øren frå Årdal. Under familiemiddag kom plutseleg ordføraren inn, og med seg hadde han Kongens fortenestemedalje som Arvid skulle få. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

På 17. mai var det planlagt at heile familien til Arvid Øren skulle samlast på Klingenberg for å ete middag. Så dukka ordføraren plutseleg opp.

Årdal: I handa hadde ordføraren i Årdal, Arild Ingar Lægreid, med seg Kongens fortenestemedalje. Det var Sogn Avis som fortalte saka først.

På sjølvaste nasjonaldagen var heile familien til Arvid Øren, best kjend som Arvid i Osadn, samla for ete middag saman. Barnebarnet Miriam reiste seg for å halde ein tale der ho skraut av bestefar sin. Så «overlet ho ordet til ordføraren».

– Eg trudde det var ein sketsj og lurte på kven som skulle spela ordføraren, men så kjem Arild Ingar inn med kjeda rundt halsen og alt. Då byrja eg å lure på om eg var vaken eller om eg drøymde. Eg fekk sjokk, seier Øren.

– Det største ein kan få

Det er dagen derpå, og han sit i stova med kona Inger. På bordet ligg medaljen, talen som Miriam heldt og grunngjevinga forfatta av Bjørn Årebru og Bjørn Lindland. 

– Dette er det største ein kan få som alminneleg mann, held han fram. Sjølv meiner han at han ikkje fortener medaljen.

– Eg veit eigentleg ikkje kvifor eg har fått han. Eg har ikkje gjort noko spesielt som fortener slikt, men det er tydeleg at folk har sett pris på det ein gjer.

Eit liv i frivillig arbeid

Det meiner iallfall Lindland og Årebru, som var dei som sendte inn framlegget til kongehuset i november i fjor. Her vektlegg dei den enorme innsatsen Øren har lagt ned for ulike lag og organisasjonar opp gjennom åra. I enkelte miljø er han framleis aktiv. 

For å rame opp har Arvid vore aktiv i Farnes ungdomslag i 65 år, nokre år som leiar. Han var i teatergruppa, har tatt ansvar for dugnad rundt ungdomshuset, styrt med basar og bingo, noko han også har gjort for revmatikarforeninga, helselaget og IL Jotun. 

– Det er mange som tenkjer på meg når dei tenkjer på ungdomslaget.Sjølv om det er mange år sidan eg slutta, er det mange som spør meg om dei kan få bruke huset. «Har ikkje peiling», svarar eg. «Eg har ikkje nøkkel lenger», smiler han. 

Lett å be

Øren bidrog inn i Sogn ungdomslag ved å selja julebladet «Jol i Sogn», vore medlem i songlaget og skistyret i IL Jotun. I 1991 han fekk han kulturprisen til kommunen, og ti år i 2001 seinare vart han Årets årdøl. Same året fekk han også Frivilligprisen. 

På 2000-talet har han lagt ned arbeid for Frivilligsentralen og er ei viktig brikke i besøkstenesta. Sistnemnde er eit av hans hjartebarn, fortel han.

– Arvid er lett å be. Han stiller opp med privatbilen sin dersom drosja ikkje er ledig. Han køyrer folk til det lokale sjukehuset, besøker folk på sjukeheimane og privat, og er eit godt supplement til kommunen si heimeteneste. 

– Morosamt er det også å høyra om mannen som ringte Arvid midt på natta etter hjelp, og på spørsmål om kvifor han ringte Arvid, svarte han at han tykte han ikkje kunne vekke heimesjukepleien midt på natta. Det seier vel mykje om korleis Arvid vert oppfatta, skriv Årebru og Lindland i grunngjevinga si.