Ber POD redde fleire lensmannskontor

Lensmannskontoret på Årdalstangen.

NEDLAGT: Lensmannskontoret i Årdal ligg an til å bli nedlagt etter at Politimeisteren i desember føreslo å leggja ned kontora i både Årdal og Aurland. Arkivfoto

Politimeistrane vil kutte 130 av lensmannskontora som i dag er lensmannskontor. Politidirektoratet (POD) må gripe inn og auke  talet, krev Senterpartiet.

I slutten av denne veka eller i starten av neste veke vil politidirektør Odd Reidar Humlegård presenterer sitt endelege kart over det nye Politi-Noreg, opplyser til POD til NTB.

I haust har dei tolv politimeistrane i landet lagt fram forslag til kutt i eigne distrikt. Dei tilrår at dei til saman 130 av lensmannskontora som er tenestestadar i dag blir lagt ned, mens sju nye blir oppretta. Det vil innebere at dei 340 tenestestadane som er i dag blir redusert til 217.

FOR FÅ: Sps justispolitiske kvinne, Jenny Klinge ventar at politidirektøren fredar fleire av lensmannskontora som er føreslegne nedlagt. Atkivfoto: Senterpartiet

– Det er altfor få. Om vi ikkje skal rasere politiet heilt, må det bli fleire tenestestadar, seier Sps justispolitiske talskvinne Jenny Klinge til NTB.

Klinge seier ho forventar at politidirektøren har lagt på langt fleire tenestestadar når han no skal legge fram sitt endeleg kart.

– Merkeleg nært

Leiaren i Politiets Fellesforbund Sigve Bolstad er også bekymra for tala som no ligg på bordet.

– Talet på på 217 tenestestadar er merkeleg nært 210, som blei sett som eit absolutt minimum frå Stortinget. Då skulle ein forvente at kuttforslaget ville liggje eit stad i midten. Ved å foreslå 217 stader kan det virke som at 210 er blitt taket, seier Bolstad til NTB.

Opphavleg foreslo dei lokale arbeidsgruppene å kutte heile 160 tenestestadar, noko som ville ført til eit  tal på langt under minstekravet til Stortinget. Då gjekk politidirektøren offentleg ut og forsikra om at POD ville oppjustere talet. Etter lokale høyringsrundar plussa politimeistrane på eit  trettital  fleire  tenestestadar rett før jul.

Les også: Politimeisteren går for lensmannskontor i Lærdal

Les også: Dette kan bli den nye tenestestaden til Knudsen

– Sniknedlagt

Jenny Klinge meiner Humlegård må intervenere endå ein gong.

– Med berre 217 tenestestadar vil vi få så store avstandar mellom politi og befolkning at vi fryktar for tilliten til politiet over tid, seier Klinge.

Sp sto utanfor forliket om nærpolitireforma på Stortinget i 2015. Klinge seier partiet heller ønskte å styrke dei beståande tenestestadane framfor å kutte dei, og meiner at grunnen til at mange lensmannskontor i dag verkar å vere fagleg svake, og har avgrensa opningstid, er at dei har blitt utarma over tid.

– Det har gått føre seg ein ganske målretta sniknedlegging av lensmannskontor over år, derfor er dei no lett å fjerne, seier Klinge.

Artikkelen held fram under biletet

NY TENESTESTAD: Dette bygget på Grandane i Lærdal ligg an til å bli det nye lensmannskontoret for Indre Sogn - dersom det ikkje no blir som Sp formanar, at til dømes lensmannskontoret i Årdal blir berga. Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, innfelt. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Lange avstandar

Sigve Bolstad seier det er viktigare at tenestestadane er godt bemanna enn talet.

– Vi vil heller ha 217 svært gode tenestestadar enn 250 halvgode. Vi kan ikkje komme i ein situasjon der talet blir jekka opp for å få kartet til å sjå fyldigare ut, men utan at det blir følgt av innhald og kvalitet, åtvarar han.

– Samtidig, når eg ser på kartet no, ser eg at det vil bli svært lang køyreveg mange stader. Det dreier seg også om stader der det er vanskeleg å kome fram, og der ein er utsett for storm og krevjande vêr i delar av året, seier Bolstad.

– Reforma kan gi moglegheiter, men det er også store utfordringar. Den største er den store underfinansieringa av politiet over tid, meiner Bolstad.

NPK

Les flere artikler fra NPK.