– Den dagen jantelova skremmer vekk «galningen», har de tapt

Knut Roger Nesdal

ENGASJERT: Næringssjef i Gloppen kommune, Knut Roger Nesdal, heldt eit engasjert føredrag under næringsdagen i Aurland, og kom mellom anna med ei smørbrødliste med råd til fokuspunkt i det vidare utviklingsarbeidet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Næringssjefen i Gloppen kommune kom med råd til aurlendingane om korleis dei skal utvikla reiselivsdestinasjonen vidare.

Aurland: – De er og blir ein turistkommune. Face it. De har ein million turistar. Tenk kva de kan skapa av det. De er heldige som har den utfordringa, sa Nesdal under næringsdagen i Aurland denne veka. 

Han har sjølv ei lang og mangslungen karriere som næringslivsaktør; han var sals- og marknadssjef i Skogstad sport i over tre år,  ti år var han sals- og regionsjef ved Maske-gruppen på Sandane. I tillegg ti års fartstid som direktør i ulike hotell fleire stader i landet, mellom dei Hotel Union i Øye.

Lærde om næringsliv «the hard way»

Erfaringane har også vore mange og varierte; mellom anna troppa uniformert politi opp på døra hans etter at han tapte ei sak i heradsretten.

– Denne saka vart anka til lagmannsretten der eg vann og all pant vart oppheva. Saka fekk ein lukkeleg slutt for min del. 

Av seks selskap han etablerte i Gloppen i si ti er eitt seld, to gjekk konkurs og tre driv han i dag som AS med avgrensa risiko. Og han er altså næringssjef i Gloppen kommune.

Under føredraget var Nesdal såleis klar på at næringsliv ikkje må bli kjedeleg. Mellom anna synte han til at Gloppen kommune har seld seg inn med å vera ein god og trygg kommune der landbruket er stort og står sterkt.

– Ei gong i tida rula Gloppen Førde; det var ein liten plass i høve. Men det har nok vorte satsa litt traust; me slit i alle fall ikkje med voksesmerter no.

– Hadde ikkje den eine vore der, hadde ikkje den andre vore der

Tittelen på næringsdagen i regi av bedriftsnettverket Embla var nemleg «Voksesmerter – Frå sesong til heilårsdrift»

– Det er ikkje berre verksemder som opplever voksesmerte, også ein kommune eller samfunnet som heilskap kan ha det. I starten er det kun optimisme knytt til vekst – ikkje kunnskap om at vekst kan skapa utfordringar, sa koneransier Aud Melås.

Voksesmerter er altså i denne samanheng, enkelt forklart, at når eit tilbod – eller i denne samanhengen ein destinasjon – veks, er det fort at systema og infrastrukturen rundt ikkje veks i takt. Ein eksplosiv vekst i reiselivsnæringa fører til at alt som ikkje direkte handlar om reiseliv også må «henga med» – vegar, sanitæranlegg, daglegvarehandel, tilrettelegging av aktivitetar, og så vidare.

– Me er avhengige av kvarandre i ein symbiose. Hadde ikkje den eine vore der, hadde ikkje den andre vore der, sa Melås innleiingsvis.

– Det er ikkje så mange slike

Reiselivsnæringa i Aurland har fleire samerbeidsarenaer, mellom andre bedriftsnettverket Embla.

Les også: Dette er stikk i strid med statistikken

Eitt av punkta Nesdal ramsa opp som han meiner er essensielle for vidare sunn utvikling gjekk nettopp på godt samarbeid. Dei andre punkta var:

  • Det handlar om å handla raskt 
  • Det handlar om vilje til smart endring
  • Det handlar om å dyrka galningen

– Den dagen jantelova gjer at dei som er litt galne og vil få til noko, flyttar frå Aurland – då har de tapt. Litt sånne som meg. Det er ikkje så mange slike.

Les også: Debatten tok fyr då torget vart diskutert

Nesdal gjorde også eit poeng ut av at ordet «Konfliktnivå» går mykje att i kommunedelplanen for næring i Aurland, 2014 - 2025, og at det blir streka under at konfliktnivået i kommunen er høgt.

– Så viss eg skal flytta til Aurland og etablera med her, blir eg litt skeptisk. Trur eg ventar til 2025, gitt.

– Eg set det på spissen no, men det handlar om at ein gjerne tenkjer berre akkurat dagens situasjon, heldt Nesdal fram.

Konferansier Melås var svært begeistra for det engasjerte føredraget Nesdal heldt.

– Kan eg få låna deg til Aurland? spurde ho då ho takka han for jobben.