Dei har mest tilfredse kundar blant alle Nordbohus-avdelingar

Nordbohus Sogn

BEST: Nøgd gjeng i Nordbohus Sogn som har dei mest tilfredse kundane av alle Nordbohus-avdelingane i landet.  Einar Øvregard (nr. 2 frå høgre) vart også kåra til den beste seljaren i heile kjeda. Pressefoto

Nordbohus Sogn er også husleverandøren med nest mest nøgde kundar målt opp mot alle leverandørar på landsbasis. Dessutan fekk dei pris for beste seljar denne helga.

Sogndal: – Utmerkinga syner at me klarar å nå måla våre og vel så det. Me har hatt ein stor auke i omsetnad, så det er veldig kjekt å få anerkjenning frå Nordbohus sentralt og ikkje minst frå Prognosesenteret, seier ingeniør Heidi Helle i Nordbohus Sogn.

Avdelinga fekk to av fire prisar under stortinget i Nordbohus, som vart arrangert i Tromsø denne helga.

Den eine prisen var at avdelinga på Kaupanger hadde dei mest nøgde kundane av alle Nordbohusleverandørar i 2016. I tillegg syner tala frå prognosesenteret at Nordbohus Sogn har dei nest mest tilfredse kundane av alle husleverandørar på landsbasis.

Den andre prisen gjekk til ein av medarbeidarane deira; Einar Øvregard som vart kåra til årets selgjar 2016.

– Legg fram byggjesaker frå A til Å

– Kva gjer de for å ha så nøgde kundar?

– Me får attendemeldingar på at me er gode til å leggja fram byggjesaker frå A til A. Me gir kunden gjennomgang på kva det inneber å byggja eit hus; ikkje berre «vår» del, men heile prosessen. Så kjem ikkje kunden i uføre på slutten. Me har også fått tilbakemelding frå banken på at me gjer dette på ein god måte. I tillegg har me flinke fagfolk; gode tømrarar som er gode ambassadørar i sjølve byggeperioden, seier Helle.