Ein slik har ingen i verda sett før

Safe Sound-produktet festa på armen.

UNIK: Teikninga viser Safe Sound-produktet som vert festa på armen til helsepersonell. Produktet blinkar og lagar lyd for å hjelpa helsepersonell å ta seg fram i store folkemengder. Teikning: Per Johnny Teigen.

Og det er elevar på Årdal vidaregåande skule som står bak produktet.

Safe Sound er namnet på noko verda aldri har sett maken til. Denne innovative blålysalarmen skal hjelpa helsepersonell å koma seg fortare fram i store folkemengder ved hjelp av eit lys som blinker og ein høg lyd. 

Og det er elevar på service og samferdsel på Årdal vidaregåande skule som står bak produktet.

– Det var Åge Natvik som kom ideen. Han jobbar som medic på Kiel-ferja og fortalte om ein hjartestans i ankomsthallen, men han kom seg ikkje fram fordi det var så mykje folk der. Og så tok eg med meg ideen vidare til elevane, fortel Vibeke Rinde som er lærar i klassen. 

Først ute med ideen

Dette skulle visa seg å bli starten på noko som aldri har eksistert før. Eigentleg skulle dei halde det hemmeleg enda litt til slik at dei fekk prototypen klar, men til Porten.no går dei no ut med det dei håpar skal bli eit populært hjelpemiddel blant helsepersonell.

Artikkelen held fram under biletet.

Sandra Mariel Hollevik, Vibeke Rince og Helena Andersen Hollevik i Safe Sound UB.
IDÉRIKE: Vibeke Rinde (midten) seier elevane var fulle av forslag til korleis ein kunne løyse ideen. Her står ho saman med Sandra Mariel Hollevik og Helena Andersen Hollevik. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me må visa folk at det finns og at det er me som har kome med ideen, seier Helena Andersen Hollevik, som er dagleg leiar i ungdomsbedrifta.

– Me har googla og leita, men det finns ikkje. Me sjekka opp dette med patent, men det viste seg å kosta ein del, og ein klarar ikkje å patentera fullt ut, så det vil sikkert koma ein kopi likevel. No ventar me på prototypen, og det er litt utanfor oss, men alt skal vera i rute og klart til 4. mars, legg Rinde til.

Den 4. mars er det nemleg Fylkesmesse, som dei tek sikte på å vinna og koma seg vidare til NM. 

Får støtte

I starten hadde dei mange tankar om korleis dei kunne løyse dette. Resultatet til slutt vart eit band som ein har rundt armen. 

Sidan har det vore fokus på å knytte til seg kontaktar og personar som kan hjelpa til. Slik kom blant anna teknologisenteret på Hydro inn i biletet. Dei har bidrege med 3D-teikningar av armbandet. I tillegg har Årdal Utvikling sagt at dei vil stilla med midlar til å få utvikla prototypen. Det kostar 15 000 kroner.

– Geir Kjetil (Øvstetun, rektor journ.anm) synest det er så bra at dersom det kostar meir enn 15 000, så skal han dekka det. Han vil også dekka studieturen og investera i det fordi det er ein kjempegod idé. Eg trur mange kan vera ute etter dette, seier Rinde.

Lærer mykje

Safe Sound-produktet.
ARMBAND: Slik skal produktet sjå ut. Teikning: Per Johnny Teigen.

Det er elevane sjølv som styrer alt med eigen dagleg leiar, marknadsansvarleg, personalsjef og det som skal til. Totalt ni timar er sett av til faget i veka, og når dei ikkje jobbar med Safe Sound, har dei to andre ungdomsbedrifter å konsentrera seg om – og det i ein klasse på elleve elevar.

Dessutan har dei andre linjene bidrege med sitt på felt desse elevane ikkje er gode på, som til dømes automasjon, som har laga to prototypar til dei. 

– Me lærer at me må ta telefonar og senda e-postar, og så lærer me at me må ta ansvar sjølve og koma i kontakt med folk, seier Sandra Mariel Hollevik, som marknadsansvarleg.

Mange interesserte

Og produktet ser ut til å falle i god jord hjå dei som ha dette på seg. For det er ein del interesserte.

– Åge tok dette med vidare til båten, og då fekk med masse tilbakemeldingar og at også Nokas var interessert. Eg snakka med Frode Sten i Førde, som var ambulansjesjåfør før, og han meinte dette var noko dei kunne ha bruk for. Potensialet er heilt enormt. Me synest det er genialt sjølve også, smiler Rinde.

Så vil berre tida visa om dette blir ein suksess eller ikkje. Første indikasjon på det får dei altså på Fylkesmessa i byrjinga av mars.