Eitt år sidan opninga: – Me er omtrent der me håpa

Eitt år sidan opninga: – Me er omtrent der me håpa

SMÅ MARGINAR: – Det er vanskeleg å seie kor bra året har vore fordi me har berre drive dette eine året, så me har ikkje samanlikningsgrunnlag. Å driva møbel er relativt kostbart. Det krevst store areal, eit dyrt varelager og mange tilsette. Det er ikkje lett, og det er små marginar som gjer at det kan bikke, seier Line Moen (t.h.), ein av eigarane av Fagmøbler. Her saman med Linda Rinde og butikksjef Jan Åge Rinde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fredag er det eitt år sidan Fagmøbler opna dørene i Årdal. – Det er ikkje lett, og det er små marginar som gjer at det kan bikke.

Årdal: Det seier Line Moen, som er ein av eigarane av møbelbutikken i Øvre Årdal. Ho skildrar likevel året som flott, og at dei er omtrent der dei håpa å vera.

– Det er vanskeleg å seie kor bra året har vore fordi me har berre drive dette eine året, så me har ikkje samanlikningsgrunnlag. Å driva møbel er relativt kostbart. Det krevst store areal, eit dyrt varelager og mange tilsette. Det er ikkje lett, og det er små marginar som gjer at det kan bikke, seier Moen.

Fredag er det nøyaktig eitt år sidan ordføraren i Årdal opna den nye møbelbutikken, eit tilbod som hadde vore sakna i kommunen. Eit år etter fortel Moen no om erfaringane.

– Det har eigentleg vore eit flott år. Det har vore slik me håpa og trudde både med tanke på kundar og omsetning. Eg trur me kan seie at me er der me håpa å vere. Samstundes har me sett at det svingar veldig frå månad til månad, legg ho til.

Tettar handelslekkasje

Tilskotet med den nye butikken har hatt effekt på handelen i kommunen, som i fjor hadde same auke som resten av landet. Som Porten.no fortalte i den saka, har møbelbutikken bidrege til å tette handelslekkasjen ytterlegare.

– Det vart gjort undersøkingar i forkant av opninga om det var marknad for møbelforretning i Årdal, og det er det. Som eigar kan eg seie at eg også vart med på dette her fordi eg vil det skal vera eit slikt tilbod i Årdal. Det er noko eg har følt på at eg tykkjer det er dumt når ein må ut av bygda for å kjøpe møblar, seier Moen.

Ved at handelen sjølv tettar lekkasje, vil det også føre til at det dryp på andre. 

– Alle treng møbel iblant, og må ein ut av bygda, er det fort ein handlar andre ting også når ein først er der. Dette viser vel at me handlar meir av andre ting når me har tilboda samla i nærleiken av oss. Det er ein vinn-vinn-situasjon. Me tykkjer det er bra når det går bra med naboane våre, for då går det bra med oss også.

Forventar å få sjansen først

Det er rom for forbetringar. Difor er Moen oppteken av å fortelja årdøler og andre at det er viktig å handle lokalt.

– Eg forventar faktisk at alle i nærmarknaden vår som skal ha seg ei seng eller eit møbe, tar ein tur innom oss først slik at me får sjansen til å fylle det behovet. Så skal dei sjølvsagt forvente av oss at me er konkurransedyktige og leverer kvalitet og servuce, og klarar me ikkje det, så er det greitt. Blir det slik, trur eg me kjem til å ha ein møbelbutikk i Årdal i lang tid framover for behovet er der.

Første sjanse til det er torsdag denne veka. Eittårsdagen skal markerast i tre dagar på ein minst like god måte som under opninga i fjor.

– Det skal bli moro og skal skje med brask og bram. Det blir kake, kaffi og forhåpentlegvis mykje folk. I tillegg kjem me til å ha ein del tilbod. Så me håpar på god stemning slik som under opninga i fjor, seier butikksjef Jan Åge Rinde.

– Fokuset vårt er å gi best mogleg service. Dette er ein fantastisk arbeidsplass der ein kan vere med å påverke korleis folk har det heime. Dei som kjem innom, skal få kvalitet, kunnskap og service, smiler han.