Elektriske rickshawsyklar er på full fart inn i eldreomsorga

Rickshaw i Luster

NY TREND: Leidulf Kvam (i gul refleksvest) gjer seg klar til å demonstrere korleis det nyinnkjøpte vidunderet fungerer utanfor omsorgssenteret i Gaupne. Det er berre ein av fleire elektriske rickshawsyklar som har dukka opp i Sogn i løpet av sommaren. Foto: Porten.no-tipsar.

Her er den nye el-drebølgja.

Lærdal/Luster/Balestrand: Idèen starta i Danmark, no har den elektromotoriserte farkosten vorte ein ordentlig hit i Norge.

Over 130 kommunar har allereie skaffa seg den moderne utgåva av den tradisjonelle rickshawen, viser ei opptelling gjort av organisasjonen Sykling uten alder. Hundre har kome til berre det siste året, tre av dei er sognekommunane Balestrand, Luster og Lærdal.

– Som oftast er det takka vere innsats frå frivillige. At så mange ønskjer å gje vind i håret til menneske som ellers ikkje kjem seg ut så mykje, det er berre fantastisk, seier Tormod Hansen, dagleg leiar i Sykling uten alder. 

Les også: 100.000 eldre slit med depresjon

Rickshaw i Lærdal
GODT POLSTRA: Kristin Evensen (til venstre) frå Frivilligsentralen i Lærdal er klar for avgang utanfor Lærdal bu- og omsorgssenter.

Har tru på konseptet

Leidulf Kvam frå lionsklubben i Luster er eit døme på den frivillige innsatsen som oftast må til for at dei eldre skal få eit slikt tilbod. Inspirasjonen til å starte innsamlinga fekk han av eit bilete han kom over på nettet.   

– Eg såg ein heil flokk med glade menneske som verka å kosa seg på sykkeltur. Då fekk eg idèen om å få til det same her hos oss. Og det har me klart, seier han.

I sommar fekk alle dei tre omsorgssentera i kommunen overrekt kvar sin elektriske trehjuling, til den nette sum av 70 000 kroner per stykk. Det er det verdt, meiner Kvam, av fleire grunnar.

– Lustringar fortener det beste, seier han.

Les også: Pasientane får både smak og ernæring

Førebels er tilbodet rimeleg ferskt. Men leiaren for sjukeheimstenesta, Kari Paulsen, har tru på konseptet og gler seg til å ta syklane meir i bruk. 

–  Eg trur dette blir ein fin gledesspreiar i kvardagen. Dette gir dei eldre moglegheit til å få litt meir aktivitet og litt meir frisk luft, seier ho.  

Alle som vil kan få opplæring

I Lærdal var det pengane frå eit minnefond som vart løysinga. Sykkelen kom i førre veke og dei tilsette på bu- og omsorgsheimen skal no i gong med opplæring.

– No kan me snart sykla, i staden for å bestille drosje når dei eldre til dømes skal til tannlegen, seier Hrafnhildur Yr Elvarsdottir ved Lærdal bu- og omsorgssenter.

– Eg er heilt sikker på at dette kjem til veldig god nytte. Ikkje minst for dei pårørande, dei kan òg ta opplæring. Det kan alle som har lyst, seier ho.

Les også: Konferanse om musikk i eldreomsorg

Også her er tilbodet såpass ferskt at det har blitt med nokre prøveturar.

– Men dei som fekk prøve sa det var utruleg kjekt. Eg trur dei fleste hadde lyst til å prøve igjen, seier Elvarsdottir. 

Populær jobb

I Balestrand var det eldrerådet og pensjonistforeininga som gjekk saman om å samle inn pengar før sommaren. Planen var at medlemmane sjølve skulle veksle på rolla som sjåførar, men det viste seg raskt å bli ein populær jobb òg blant dei tilsette.  

–Spesielt den yngre generasjonen av pleiarar liker å sykle med pasientane, seier Heidrun Grinde, leiaren på helsetunet.

– Det har vore kjempevelluka. No i sommar har vi vore ute og sykla jamt over annakvar dag, unntatt når det har pøsregna, seier ho.

Ingenting tyder på at det kjem til å stoppe med dei tre kommunane som allereie har kasta seg over elsykkelbølgja. 

– Dette er absolutt noko eg vil jobbe for at me kan få i Sogndal òg, seier politikar Rita Navarsete (Frp).