– Å fusjonere er ikkje det same som å miste seg sjølv

– Å fusjonere er ikkje det same som å miste seg sjølv

BESØKER FYLKET: Statsminister Erna Solberg gjestar Sogn og Fjordane tysdag. Her skal ho mellom anna vere med på opninga den nye Høgskulen på Vestlandet. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Statsminister Erna Solberg opna den nye Høgskulen på Vestlandet tysdag.

Sogndal: Like før 11.30 kunne ho, virtuelt, klippe snora og erklære den nye høgskulen for opna. Tysdag er ein stor dag for høgare utdanning på Vestlandet når høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn vert slått saman.

– På Stord var det mange som syntest det var vemodig å miste det gamle namnet fordi er blitt vand til det og har knytt seg til det. Det er forståeleg, men ein kan også snu på det. Her skal studentar vere med på å byggje noko nytt. Å fusjonere er ikkje det same som å miste seg sjølv, sa statsministeren i sin tale.

– De er på ein ny startstrek, og det er framleis mykje som skal på plass for at høgskule skal fungere knirkefritt. Det vil me hjelpe til med. I fjor fekk de 11 millionar til dette arbeidet, og i år gir me 39 millionar.

Framleis eigen identitet

Tysdag vert det køyrt tre parallelle opningar på dei ulike campusa på Vestlandet. Det er i Sogndal dei har det mest staselege besøket med sjølvaste statsministeren. Ho la vekt på at den nye høgskulen framleis skal ha fokus på det dei er gode på.

– De skal ta vare på det som de er gode på. Med Førde, Stord, Haugesund og Bergen skal de skapa forsking av endå høgare kvalitet, der de møter personar de kan utvikle ny kunnskap med. 

Bruke ressursar i fellesskap

Prosessen starta tilbake i mai 2014 då regjeringa kom med denne utfordringa til alle skular som tilbyr høgare utdanning i Noreg. På Vestlandet var ein langt frå samde frå første stund, og då det heile vart bestemt i fjor sommar, var det med éi røyst til å vippe. 

– Men det kom noko godt ut av motkreftene. De har hatt ein grundig prosess og open debatt med ei løysing som har ført fram. Målet vårt er å bruke ressursane våre betre i fellesskap.

– Utdanning er ein inntektspost for samfunnet. Gevinsten er stor viss de lykkast, la ho til før ho avslutta med de velkjende uttrykket «stao no pao».

Solberg har allereie vore på besøk på Lerum-fabrikken på Kaupanger. Når opninga av den nye høgskulen er unnagjort berer turen vidare til Førde sentralsjukehus.

Du kan følgje opninga direkte her.