Han fryktar for beredskapen i distrikta​

Han fryktar for beredskapen i distrikta

UROA: Talet regionar i Sivilforsvaret kan bli halvvert. Det kan gå ut over dei seks stillingane Sivilforsvaret har i Sogndal, seier distriktssjef Stein Morten Rønningen, som likevel er mest uroa for beredskapen ute i distrikta.

Også Sivilforsvaret skal bli meir robust.

Sogndal: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har på oppdrag frå regjeringa laga ei konseptutgreiing som gir råd om korleis Sivilforsvaret skal vere organisert i framtida.

Den konkluderer mellom anna med at talet distrikt bør halverast, frå tjue til rundt ti. Klimaendringar, auka migrasjon og terrorfare er faktorar prosjektgruppa trekkjer fram som forklarer behovet for omorganisering.

Stein Morten Rønningen, distriktssjef for sivilforsvaret i Sogn og Fjordane, er samd i at noko må gjerast og meiner prosjektgruppa kjem med fleire gode forslag, men er samstundes skeptisk til sentraliseringslinja den har lagt seg på.

– Utgangspunktet for konseptutgreiinga er ikkje å svekke beredskapen, men eg er litt redd for at vi får mindre styring ute i dei små lokalsamfunna der vi verkeleg treng det: at det kan bli langt mellom leiinga og det utøvande ledd og at vi får ei lengre linje å halde styr på når ulukka eller katastrofa skjer. Då må folk vere på plass fort. Det er eg litt uroa over, seier han.

Uroa over kuttforslag
UROA: Ole-Mathias Nes (Sp) er uroa over kva som vil skje med den lokale beredskapen dersom talet distrikt i Sivilforsvaret blir kutta. Foto: arkiv.

Les også: Éin av to veit kva Sivilforsvarets varslingssignal betyr

Torsdag var distriktssjefen i Sogndal for å orientere politikarane om den pågåande høyringa. Ole-Mathias Nes i Sogndal Senterparti er ein av dei som fekk seg ein tankevekkar.

– Det å ta ned talet regionar vil påverke det lokale nærværet negativt og kan gå ut over statlege arbeidsplassar i distrikta. Eg er svært uroa over ei slik retning, spesielt innafor ei teneste som er så viktig for lokal tryggleik og beredskap, der det er så viktig at du kjem deg ut raskt. Då er det ekstra viktig å ha folk over heile landet, seier han.