– Steinane kom frå høgt oppi fjellsida 

Ras på Loi

STEINRAS: Steinane «bomma» akkurat på sikkerheitsnettet. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Raset har gått på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen og stengde vegen ein periode. Ifølgje vitner kom steinane frå høgt oppe i fjellsida og ein bil passerte rasstaden rett før steinane kom. Vegen er no open att.

Ras på Loi
HER: Steinane kom ned her frå høgt oppi fjellsida, ifølgje trafikant på staden. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Årdal: Like før 12.30 torsdag melde politiet om eit steinras på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. 

Raset gjekk på Loi, mellom avkøyrsla til skytebana til Knipenborg og Tippen. Brann og politi rykte ut til staden. Ingen vart skadde i raset, men vegen var stengt ein times tid – klokka 1330 kom twittermeldinga om at personell hadde vore på staden for å vurdera faren for nye ras, og at vurderinga hadde ført til at vegen vart opna att.

På den timen vegen var stengt bygde det seg opp lang kø mot Steiggjetunnelen på øvresida og mot Tippen på tangensida.

Artikkelen held fram under biletet

Ras på Loi
LANGE KØAR: Fv. 53 var stengt forbi Loi ein liten time, og lange køar bygde seg opp. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Rett før raset gjekk køyrde ein bil forbi

Trass i at det ikkje såg så dramatisk ut på rasstaden ettersom berre ein stein låg inntil autovernet på sida ut mot Årdalsvatnet og nokre steinar låg mot fjellveggen på andre sida melde politiet på Twitter at nokre av steinane gjekk gjennom autovernet og vidare ned i Årdalsvatnet.

Artikkelen held fram under biletet

ras på Loi
HAKK: Nokre av steinane «hoppa» over vegen og ned i Årdalsvatnet på andre sida. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Dette stadfester ein trafikant som stod i køen Porten.no snakka med.

– Me høyrde steinane buldra frå høgt oppi fjellsida, og at det gjekk stein i vatnet. Rett før raset gjekk køyrde ein bil forbi der det rasa.

Trafikanten fortel det ofte rasar stein på denne strekninga. 

– Eg køyrer forbi kvar dag og det ligg ofte stein i og rundt vegbana. Så ein burde kanskje sjå nærare på dette området