Her testar dei steinovnen i Ofredal for første gong på over 25 år

Maria Sundal testar steinovnen i Indre Ofredal.

HEIMELAGA BRØD: For første gong på iallfall 25 år vart det produsert ferske brød i steinovnen i eldhuset på anlegget i Indre Ofredal denne helga. Maria Sundal er bakar. Foto: Privat.

For første gong på iallfall 25 år var det fyr på steinovnen i eldhuset på anlegget «Ne' fø sjøen» i Indre Ofredal.

Årdal: Denne helga var det planlegging av dugnad på det eldgamle anlegget som har sett ein ny vår dei siste åra. Til mat vart det servert brød frå steinovnen i eldhuset. Dette er første gong på truleg 25 år at ovnen har produsert brød.

– Men ovnen i seg sjølv er veldig gamal, seier Harald Thune, som har stått i spissen for restaureringsarbeidet på anlegget. 

– Eg måtte forhøyre meg om ovnen var brukande, noko han skulle vera, så i førre veka testa me, og det fungerte som berre det, seier han.

Mange idear for sommaren

Då låg alt til rette for at Maria Sundal kunne syne fram sine kunnskapar med brødbaking. Ho har god røynsle innanfor lokalmat og gamle tekstiltradisjonar. 

– Difor skal ho vere med oss ein del i sommar når me skal arrangere småkurs i helgene med alt frå brødbaking til flatbrødbaking, fortel Thune.

Sjølv om dei var litt uheldige med overvarmen denne gongen, var brøda fantastisk gode, seier han. No er planen å selja brød til folk som besøker anlegget. Dette er berre éin av mange idear veneforeininga sit med før opninga i juni.

– Me kjem til å halde ope i helgene allereie frå påske, men skikkeleg opning vert i juni. No håpar me på meir midlar slik at me kan koma i gang med saga og kaiane. Me har fått mange førespurnader om når me skal opne, så eg trur det blir bra, seier Thune, som ber alle som ønskjer å bidra om å ta kontakt.