Hydro Årdal nominert til høgthengande pris

Anders Jarstadmarken, Odd Steinar Natvik og Morten Lindborg i Hydro.

NOMINERT TIL PRIS: Anders Jarstadmarken, Odd Steinar Natvik og Morten Lindborg ved Årdal Metallverk fortel at dei går for gull etter å ha blitt nominert til Årets norske leanverksemd for andre år på rad. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Også i år er Årdal Metallverk nominert til den høgthengande «lean-prisen».

Årdal: Det er Lean Forum Norge som deler ut den årlege prisen, slik dei har gjort i mange år. Årdal Metallverk er ein av tre finalistar innanfor kategorien Årets norske leanverksemd. 

Lean handlar enkelt forklart om å eliminere sløsing i produksjonen og å fokusere på kunden si oppleveing av produktets verdi framfor kostnadselement.

Årdal Metallverk deltek med det såkalla Aluminium Metal Business System, forkorta AMBS. Dette systemet har dei jobba med i mange år og handlar kort fortalt om å skapa stabilitet i produksjonen og ha kontinuerleg betring.

– Etter oppstarten i 2007 kom me til eit grenseskilje i 2013. Faren ved å nå eit slikt punkt er at viss ein ikkje får fokus tilbake på rett plass, så kan ein falle tilbake. Det me då gjorde, var å få kvalitet i AMBS-arbeidet, få på plass betringskultur, endra filosofi og jobba med standard verktøy for å støtte opp under den klare filosofien, forklarar Anders Jarstadmarken, som er einingsleiar for AMBS og kvalitet.

Berekraftig og varig

I fjor heldt det ikkje til gull i det ein kan kalla for ein uoffisielle norgesmeisterskap i lean-arbeid. I år går dei for toppnoteringa.

– I fjor kunne me vise til betringsarbeid og resultat, men ikkje over så lang tid. Difor går saka vår i år på at me no kan vise til at me har gjort, er berekraftig og varar over tid, legg Jarstadmarken til. 

Konkurransedyktig

Med AMBS jobbar heile metallverket og områda etter den same systematikken. Slik har dei klart å ta ned variasjonane i produksjon og skape stabil og auka vekst. 

– Du må alltid betre deg for å vere konkurransedyktig. I støyperiet har me innført ny teknologi fordi me går mot meir avanserte produkt. Det er fordi andre større bedrifter spyr ut store volum på standardprodukt som utkonkurrerer oss, forklarar støyperisjef Morten Lindborg.

– Den nye teknologien hjelper oss langt på veg, men mykje må me gjera sjølve også. På dei avanserte produkta er det viktig med temperatur, så difor har me jobba med å få kontroll på den og hindre variasjon i prosessen og dermed minimere vrak eller sløsing.

Viktig for omdømmet til verket

Eit godt døme er frå anodemontasjen, der ein tilbake til sommaren 2014 kunne ha alt frå 65 til 160 stopp i veka. Med systematisk jobbing har ein både lykkast med å få ned tal stopp, samstundes som at det ikkje er like stort sprik mellom tal stopp i løpet av ei veke. 

Og slik sparar ein også pengar. Berre ved å redusere støypevraka med éin prosent på ein produksjon på 180 000 tonn, snakkar ein om 1,8 millionar kroner. 

Då blir ein lagt merke til, både gjennom kåringar som denne, men også internt.

– Viss me vil koma i posisjon til modernisering her i Årdal, er det eit must at me jobbar for å betre oss, seier Jarstadmarken.

I tillegg kan det ha andre positive effektar, som til dømes at det trekkjer jobbsøkjarar til Årdal, men også at andre bedrifter kjem hit for å lære. 

Allereie i neste veke vert vinnaren kåra under årlege konferansen på Fornebu. Dei to andre finalistane er AS Norske Shell og EiendomsMegler1 Midt-Noreg.

Årets norske leanverksemd

Prisen Årets norske leanverksemd har som føremål å løfte fram verksemder som representerer leiande praksis innan lean i Noreg for å gi dei påskjøning og for at andre verksemder kan lære av og bli inspirert av dei.

Årets norske leanverksemd vert kåra av Lean Forum Norge sitt styre basert på vurderingene til en fagkomitè.

Årdal Metallverk er blant tre finalistar saman med AS Norske Shell og Eiendomsmegler1 Midt-Noreg.