– Det kjem berre taparar ut av denne saka

– Det kjem berre taparar ut av denne saka

VART SAMDE: Etter to timar vart omsider Annike Vanberg (SV) og administrasjonen samde om å leggje konflikten bak seg og sjå framover i ei sak Alf Olsen meiner berre har taparar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Men no vil alle partar leggje den dårlege handteringa av ei e-postutveksling bak seg. I møtet kom det også ei unnskyldning til Annike Vanberg (SV).

Lærdal: – Eg reknar unnskyldninga som god nok og reknar med at SV vil få svar på spørsmåla. Og så skal me lage retningslinjer for kommunikasjon framover. Eg er ferdig med det, seier SV-representanten. 

Som Porten.no skreiv i førre veke, stilte ho spørsmål kring ordningar for heimekontor og om tilsette har reisetid som ein del av arbeidstida på e-post til administrasjonen i Lærdal kommune i november i fjor. 

Ho fekk aldri svar på spørsmåla i ein e-post som rådmann Alf Olsen i etterkant seier «burde vore svart på ein annan måte».

Måndag var det møte i administrasjonsutvalet i kommunen. I utgangspunktet var møtet lukka, men vart opna for pressa like i forkant. Der innleia Olsen med å kalle det heile for ei sak med berre taparar, noko dei folkevalde nikka samde til.

– Her er det brukt ord som eg meiner er uheldige både i sin valør og dei som orda er knytt til, men her det kome udokumenterte påstandar som ein må ta stilling til, sa han og sikta då til bruken av omgrepet «fryktkultur».

Vanberg forklarte det slik:

– Eg har fått enormt med tilbakemeldingar frå alle slags folk og parti. Eg føler ikkje noko siger på det, men tykkjer det er trist at mange kjenner seg att i ei slik framstilling. Ein må ta inn over seg at det er mange som sit med dei opplevingane. Då er det ikkje berre me som er nærtakande, sa ho.

Artikkelen held fram under biletet.

FRYKTKULTUR: Annike Vanberg (SV) har uttalt at det er ein fryktkultur i politikken i Lærdal, men representantar frå andre parti kjende seg ikkje att. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Aldri opplevd fryktkultur

Men dei andre representantane frå dei andre partia var ikkje heilt med på den. Både Gro Starheimsæter (Sp), ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og Trond Øyen Einemo (H) la trykk på at dette hadde dei aldri høyrt snakk om før.

– Eg byrja i politikken då eg var 19 år. Eg var dama. Eg kan me handa på hjartet seie at eg aldri har opplevd fryktkultur. Nokre har vanskeleg for å å kommunisere saman, slik vil det alltid vera. Då er det opp til dei to å finne ut av det, sa Starheimsæter. 

– Å generalisere ein kultur på vegne av e-postutveksling er livsfarleg. Skal ein definere ein kultur ut frå nokre svar i ein oppheita budsjettprosess? Eg gir full støtte til Annike om at formen på svaret var feil, men lat oss ikkje lage kultur av noko som ikkje er der, sa Einemo.

– Openheit er nøkkelen

I møtet, som varte i nesten to timar, var ein innom fleire sider ved det å kommunisere med kvarandre og korleis ein tolkar ting ulikt.

– Kven føler frykt? Det er vanskeleg sidan det er ei subjektiv oppfatning. Personleg har eg ikkje frykt som politikar. Ein høyrer folk oppfattar ting ulikt. Det føler både tidlegare tilsette og tilsette på. Det er mange tøffe tak i kommunen, og så har det vore ein del polarisering. 

– Eg trur openheit er nøkkelen. Har ein ikkje det, kjem spørsmåla med ein gong, sa Kåre Mentz Lysne (Ap). 

Set i gang prosess

Etter kvart måtte Solheim be om at påstandane om fryktkultur vart underbygd, noko han utfordra Vanberg på.

Artikkelen held fram under biletet.

DOKUMENTASJON: Jan Geir Solheim ønskte å dokumentasjon som kan underbygge påstanden om ein fryktkultur i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Eg har høyrt historier frå folk som opplever at det ikkje er okay å stille spørsmål. Fryktkultur er kanskje å dra det litt langt, men det er for lite openheit, svarte ho. 

Nærare eit svar kom ein aldri. Difor skal to frå politikken, to frå administrasjonen og to frå tillitsvaldsapparatet gå saman for å diskutere retningslinjer for kommunikasjonen i framtida.