Krev openheit i Lærdal

Annike Vanberg, Inger Bakken, Audun Mo

KRAV: Annike Vanberg (SV, f.v.) og leiar Inger Bakken og nestleiar Audun Mo i Lærdal Ap har skrive brev til administrasjonsutvalet i Lærdal. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

I eit brev frå leiinga i Lærdal Ap og ein e-post frå SV-representant Annike Vanberg blir det kravd større openheit i kommunen – og at dagens møte i administrasjonsutvalet blir opna for ålmenta.

Lærdal: Saka «Retningslinjer korrespondanse» under møtet i administrasjonsutvalet i ettermiddag er unnateke offentlegheit med grunngjeving i at det er snakk om «Dokument utarbeidde for eiga saksførebuing».

Dette finn ikkje Annike Vanberg (SV), som sit i utvalet, seg i. I førre veke kom det fram at Vanberg har stilt administrasjonen spørsmål om ordningar for heimekontor og om tilsette har reisetid som ein del av arbeidstida - men ikkje fått tilfredsstillande svar.

Les også: – Å stille spørsmål er ikkje det same som mistillit

Les også: Eit viktig spørsmål om openheit

Vanberg viser i e-posten sin om møtet i ettermiddag til bestemmelsar om at møter i administrasjonsutvalet normalt skal vera opne, og berre lukkast dersom «personvern, eller andre tungtveiende private, eller offentlige interesser tilsier dette».

Krev ope møte

Vanberg skriv vidare i sin e-post:

«Slik eg ser det, er det retningslinjene som her skal diskuterast. Sjølvsagt skjønar eg, etter mediaoppslag siste tida, at desse òg vil bli drøfta. Men det er administrasjonen som sådan som mottek kritikk frå fleire hald, ikkje ein einskildperson, og derfor kan eg ikkje sjå at det skal vere heimel for å lukke møtet.»

«Med dette som bakteppe krev eg at møtet vert halde for opne dører.»

Får støtte frå Ap

Også Lærdal Arbeidarparti har skrive brev til administrasjonsutvalet der openheit i kommunen er tema. Brevet er signert leiar Inger Bakken og nestleiar Audun Mo i Lærdal Ap. I brevet står følgjande: 

«Viser til oppslag i media siste tida på at spørsmål til administrasjonen blir svara på på ein heilt uakseptabel måte. Det blir òg lagt merke til rådmannen si vegring mot å gi spørsmålsstillaren ei orsaking for måten ho vart møtt på. Så langt me kan sjå har vel ikkje SV sin representant fått klare svar på spørsmåla ho stilte.»

«Lærdal kommune har hatt langt fleire oppslag i media enn kommunane rundt oss når det gjeld lukking av møter og nekting av innsyn. Kommunen vår møter folkevalde og innbyggjarane med eit hemmeleghald som får folk flest til å bli mistenksame.»

«Dette har i fleire høve gitt Lærdal kommune eit dårleg omdøme. Slik vil ikkje Lærdal Arbeiderparti ha det.»

I brevet listar partiet opp fleire punkt som dei vil ha oppfylt. Mellom anna ber dei om ei offentleg orsaking frå rådmannen til Vanberg – og at alt som kan skapa frykt mellom tilsette, folkevalde eller innbyggjarar skal slåast hardt ned på.

– Kan bli aktuelt å opna møtet

Porten.no har ikkje fått tak i rådmann Alf Olsen jr. eller ordførar Jan Geir Solheim, som er møteleiar i administrasjonsutvalet. Men varaordførar Trond Øyen Einemo seier spørsmålet er diskutert med og sjekka opp i av rådmannen, og at det kan bli aktuelt å opna møtet dersom medlemmar av utvalet krev det.

– Så lenge det berre er retningslinjer i høve informasjonsflyt som blir diskutert så kan me opna det, og dette tek me ein diskusjon på i framkant. Men dersom me her  kjem til å koma inn på personal- og personsensitive tilhøve, så er det heimel til å lukka møtet, seier Øyen Einemo.