La fram gode prognosar for Aurland

Jan Heggheim

UTVIKLING: Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, la fram ein heil del statistikk og prognosar under sitt føredrag «Samanhengen mellom næringsutvikling og samfunnsutvikling» under næringsdagen i Aurland. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Både nå r det gjeld folketalsutvikling, næringsstruktur og utviklinga i reiselivet ser det bra ut for Aurland sitt vedkomande. Meir blanda bilete er det for Lærdal.

Aurland: – Kva er det me higar etter, kva er det Noralv tenkjer på kvar dag? Jau, om folketalet utviklar seg rett, sa fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, under næringsdagen i Aurland denne veka.

Les også: Dette er stikk i strid med statistikken

Kartet han synte fram over framskriven folketalsutvikling i fylket er gode nyhende for Aurland; medan prognosen bereknar at det blir mellom 7,5 og 15 prosent fleire aurlendingar fram mot 2040, kjem det til å bli mellom status quo og 7,5 prosent færre lærdøler i same tidsperioden. Det same gjeld Årdal.

For nabokommunen i Vest sin del – Vik – ser det enno verre ut; mellom 7,5 og 15 prosent færre vikjer

– Såleis ligg Aurland som ei øy inne i eit i område med dårlegare prognosar, sa Heggheim.

Artikkelen held fram under biletet

Jan Heggheim
VARIERT: Folketalsframskrivinga for dei ulike kommunane i fylket fram mot 2040 syner eit svært variert bilete. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Dette skal de vera utruleg krye av

Nær det gjeld næringsstruktur generelt og verdiskaping innan dei ulike næringsområda i fylket kom fylkesdirektøren med ei bekymring.

– På dei tradisjonelle næringane er me sterke, men der det ligg an til å bli vekst er me relativt svake.

Med tradisjonelle næringar er meint til dømes jordbruk, bygg og anlegg og maritimt. Næringar det er venta vekst i er kunnskapsbaserte tenester, metall og materiale og media og telekom. 

– Dette tyder ikkje at ein skal slutta med til dømes bygg og anlegg, men veksten kjem der me er relativt svake. Og eg er djupt bekymra for det private næringslivet når det gjeld digitalisering. Det bekymrar meg ikkje at det skjer, men det vanvittige tempoet det skjer i. De tenkjer kanskje at det ikkje skjer innan reiselivet fordi der gjeld det å vera personleg også vidare. Men det har alt skjedd i reiselivet.

Likevel er det innanfor eitt næringsområde at Aurland er svært sterke – i tillegg til at ein sjølvsagt er sterk på overnattings- og serveringsverksemd. Det er innan forretningsmessig tenesteyting.

– Dette er arbeidsplassar ein gjerne vil ha og her ligg de godt over landdsnittet i Aurland – det skal de vera utruleg krye av. Eg har sett opp slike for dei fleste kommunar, og svært få er i nærleiken av Aurland. Eit særs godt utgangspunkt.

Les også: Debatten tok fyr då torget vart diskutert

Les også: – Den dagen jantelova skremmer vekk «galningen», har de tapt

Artikkelen held fram under biletet

Jan Heggheim
ULIKT:  Ringen nest lengst til høgre syner korleis verdiskapinga er innan forretningsbaserte tenesteytingar; Aurland er den høge søyla til venstre i ringen, landssnittet den gule til høgre. Søyla for Lærdal er mellom desse og har blå farge, men den er så liten at den knapt synest. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Me er litt einsame ulvar; det er vår akilles

Lærdal på si side er sjølvsagt sterke på jordbruk, bygg og anlegg og helse. Men søyla som viser verdiskaping innan forretningsmessig tenesteyting i diagrammet Heggheim viste fram er berre så vidt synleg.

Heggheim hadde fleire statistikkar oppe på lerretet, og synte mellom anna at reiselivet i Aurland og Lærdal har ei – om ikkje eksplosiv – så god og positiv utvikling. Samstundes har den andre store cruisedestinasjonen i fylket, Stryn – som han samanlikna med – hatt ein vesentleg nedgang.

Når det gjeld ufordringar i næringslivet i fylket generelt kom Heggheim med ei bekymring når det gjeld samarbeid:

– Me er litt einsame ulvar; det er vår akilles. Me treng å byggja nettverk. Å bruka konsulentar og leverandørar derimot, der er me veldig gode. Så er det altfor mange prosjekt som stoppar opp fordi grunneigarar meiner at dei er for seint informerte. 

– Har kommunane rett bustader å tilby?

 Bustadutviklinga i fylket meinte han også vil få utfordringar.

– Kommunane seier gjerne at dei har bustader til potensielle tilflyttarar, men har dei rett bustader? Det er lite plass å byggja ut på og mange satsar på leilegheiter. Men dette har ein empirisk grunnlag for å seia; når folk flyttar til bygda vil dei ha plass. Dei ser føre seg ungane som tullar rundt på plenen. Ja, de ser biletet.

Han åtvara også kommunane mot å lata kultur bli ein salderingspost.

– Om ein googlar «lukke» kjem ord som «meistring» og «tilhøyrsle» opp. Mykje av dette er knytt til kultur. Difor kan ein ikkje seia at dette er noko ein skal driva med når ein ikkje har anna å driva med.