Lærerikt kurs for unge gründerar

Glenn Tony Lie og Vibeke Rinde i Safe Sound.

GRÜNDERAR: Gjengen i Safe Sound deltok tysdag på eit gründerkurs kalla «Frå idé til marknad». Frå venstre: Glenn Tony Lie, Guro Nyland og Vibeke Rinde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Safe Sound var ei av fleire verksemder som tysdag kveld deltok på gründerkursi Årdal.

Årdal: «Frå idé til marknad» handlar om å late kundane avgjere om ideen din er god. Tysdag var Jørgen Berg og Inger Merete Øygard frå Innovasjon Norge i Årdal for å snakke om nettopp dette. 

– Dette er eit introduksjonskurs for gründerar som vurderer å søkje etablerartilskot og introduksjon til start-up, som er vårt hovudverktøy i fagleg samanheng. Målet er få fleire gode gründerar og betre kvalifiserte søknader inn til Innovasjon Norge, forklarar Berg. 

– Det handlar om å gjera gründerar meir medvitne på kundar og marknad. Tradisjonelt har det vore mest fokus på produktet som skal ut og fram, men no handlar det om å vri fokuset over på kva marknaden eigentleg vil ha, legg Øygard til.

– Lærerikt

Safe Sound er eit godt døme på ei verksemd som trur dei kan dekkje eit behov i marknaden, og som truleg også oppfyller dei strenge krava til å søkje om etablerartilskot.  Det som starta som ei ungdomsbedrift, blei i mars registrert som eit aksjeselskap. 

Dei har laga eit slags armband med blålys og lyd som helsepersonell kan bruke for å kome lettare fram i store folkemengder. 

– Me er med på dette kurset fordi det er utruleg lærerikt. Me har ikkje så god erfaring, så me tenkte det kunne vera lurt å melde seg på og lære korleis ein kan gå fram mot Innovasjon Norge og at ein må tenkje på marknaden, seier Glenn Tony Lie.

Artikkelen held fram under biletet.

Jørgen Berg og Ingrid Merete Øygard i Innovasjon Norge.
FORTALTE: Jørgen Berg og Ingrid Merete Øygard i Innovasjon Norge kom med gode tips til dei som deltok på kurset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Finn ut av marknaden

Han er nestleiar i styret. Onsdag skal dei ha sitt første styremøte, der dei håpar å få klart neste steg i utviklinga. Vibeke Rinde, som var læraren deira då ungdomsbedrifta vart etablert, og som også sit i styret, seier dei må snakke med fleire potensielle kundar før dei går i gang med produksjon.

Skal ein tru dei to fagpersonane frå Innovasjon Norge, er det heilt i tråd med bodskapen denne kvelden.

– Typiske feller er å sitja i garasjen og lage noko utan å snakke med nokon eller berre snakke med familie og vener, og så lansere det. Då får du svaret litt for seint, og du har brukt mykje ressursar, seier Berg.

Etterspurt

Noko tilbakemeldingar Safe Sound likevel fått, og dei gir grunn til inspirasjon.

– Utan at me har gjort noko meir etter NM, har me fått fleire førespurnader frå folk som lurer på korleis det går med oss. VG-lista tok til dømes kontakt med oss, så det er heilt tydeleg at det er etterspurnad etter eit slikt produkt. Det motiverer til at me skal halde fram med å jobba med dette, seier Rinde.