Lita nettavis med store idear

Lita nettavis med store idear

Truls Grane Sylvarnes er ansvarleg redaktør i Porten.no. Med fokus på god merking og tydeleg skille mellom betalt og redaksjonelt innhald, vil Porten.no tilby ein ny plattform for lokale verksemder å nå ut med sitt kvalitetsinnhald.

Nettavisa Porten.no er i stadig utvikling, og det nye året startar med brask og bram med lansering av ein heilt ny portal.

Sponsa innhold er eit mykje diskutert omgrep i mediebransjen. No skal også Porten.no tilby sine annonsekundar ein plattform for å nå ut med sitt kvalitetsinnhald.

I lang tid har det blitt lagt ned eit grundig arbeid for å sikre at dette skal bli gjort på ein god måte, der lesarane til sjuande og sist skal vera vinnarane.

Som ein av dei første i landet, skal Porten.no tilby sjølvprodusert innhaldsmarknadsføring med lokal vinkling. På denne måten skal lesarane få nyttig informasjon frå lokalmiljøet og det lokale næringslivet.

– Verksemder i Indre Sogn sit på mykje kunnskap. Målet er å hjelpe desse verksemdene med å nå fram med sin bodskap på ein ny måte, men samstundes sørge for at lesaropplevinga er god. Det er sentralt at innhaldet i tekstane er noko lesarane finn nyttig, seier Ingrid Nordbye-Antonsen.

Det er ho som har ansvaret for utforming av innhaldet i samråd med annonsørane. Det er viktig å presiere at det blir eit tydeleg skilje mellom redaksjonelt innhald og reklame. Nordbye-Antonsen har mykje erfaring frå tidlegare marknadsarbeid og produksjon av innhaldsmarknadsføring.

Digitalisering av medieverda utfordrar tradisjonelle forretningsmodellar. Porten.no følgjer i godt opptråkka spor, etter som store aviser som VG, Bergens Tidende og Aftenposten allereie er i gong med dette.

Dette har i mellomtida skapt debatt i bransjen som omhandlar etikk og merking av reklame. Som ein følge av den nye trenden med innhaldsmarknadsføring, vedtok styret i Norsk Presseforbund ein ny Ver Varsam-plakat, som inneheld reglar for innhaldsmarknadsføring, tekstreklame og produktplassering.

– Porten.no strebar etter å vera folks viktigaste informasjonskanal, og me held truverdet folk har til oss høgst av alt. Dette skal ikkje gå på beskostning av det. Det skal aldri vera tvil om kven som er avsendar av innhaldet, og tekstane vil tydeleg skilje seg frå redaksjonelt innhald med merking og eit anna design, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Innhaldsmarknadsføring handlar om å skapa og distribuera relevant og verdifullt innhald for å tiltrekke seg, etablere ein relasjon med og engasjere ei tydeleg definert målgruppe – med eit mål om å stimulere til lønsam kundeatferd.

Kjelde: Content Marketing Institute