MDG besøkte Hydro i jakta på ein industripolitikk​

Stein Malkenes og Sandra Opheim.

INDUSTRIPOLITIKK: – MDG treng ein truverdig industripolitikk. Difor er eg her, seier Stein Malkenes, 1. stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne Sogn og Fjordane. Saman med Sandra Opheim besøkte dei teknologisenteret ved Hydro Årdal for å ta med seg viktige innspel til korleis partiets industripolitikk skal formast. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Varaordførar i Årdal, Sandra Opheim, og 1. kandidat på stortingslista til Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane, Stein Malkenes, meiner partiet deira må skaffe seg ein industripolitikk.

Årdal: Difor besøkte dei teknologisenteret på Hydro Årdal for å lære meir om arbeidet som no vert gjort for at selskapet skal leve opp til slagordet «større, betre, grønare». Skulle kommunen lykkast med å få ein hydrogen-fabrikk til å etablere seg også, vil Årdal vere på god veg mot å kunne kalle seg den grøne industribygda.

– Det er jo det me vil at Årdal skal vere. Me har aldri tenkt at Årdal skal vere noko anna enn ei industribygd, men potensialet er stort for korleis me kan redusera utsleppa, seier Opheim, som i grunnen gjorde eit kjempeval i 2015 då ho sikra partiet ein plass i formannskapet og varaordførarvervet.

Som dei innrømmer sjølv, er ikkje norsk tungindustri det første folk tenkjer når dei høyrer Miljøpartiet Dei Grøne. 

– MDG må skaffe seg ein industripolitikk. Difor er eg her, seier Stein Malkenes. 

LÆRINGSKURVE: Malkenes og Opheim besøkte teknologisenteret for å lære meir om norsk industri. Læringskurva er bratt, men noko partiet må ta, seier dei. Foto: Privat.

Vil leggje til rette for industrien

Under besøket måndag var det først og fremst to ting dei diskuterte – korleis fange CO2-utslepp frå prosessen og korleis effektivisere energibruken ytterlegare. 

– Det er eit potensiale at ein kan fange utsleppet. Når dei er ferdig med Karmøy, håpar eg dei vil følgje opp det sporet. Det ville vore fantastisk. Når eg og me kjem på Stortinget, vil me gjerne samarbeide om dette og leggje til rette med rammevilkåra, seier han.

– Det er ingen tvil om at eit nytt miljøparti vil vere med på å utvikle industrielle foretak, der me kan gi råd om korleis det kan gjerast best mogleg, for det har me faktisk peiling på.

Lærevillig Hansson

Det dei lærte under besøket skal no spelast inn til partiet sentralt, fortel Opheim. Partiet hennar har blitt skulda for å vere eit byparti, og når dei blir omtalt i media, er det gjerne eit forslag dei ønskjer å gjennomføre i Oslo som er årsaka. Opheim trur det skuldast posisjonen dei har i byrådet.

– MDG har ikkje hatt representantar frå heile landet, så distriktsprofilen vil koma etter kvart og bli ein del av politikken. MDG er mykje meir enn bypolitikk, og det er vårt ansvar å løfte det fram og spele inn, seier ho.

– Under årsmøtet i fjor åt eg lunsj med Rasmus Hansson (stortingsrepresentant for MDG journ. anm.), der eg fortalte om Årdal. Han var veldig tydeleg på at norsk industri er viktig for MDG.

Truverdig industripolitikk

For å få ein truverdig industripolitikk, er det nettopp eit slikt besøk som må til, meiner dei to.

– Me må sørge for at dette kjem opp og fram i partiet. MDG treng ein truverdig industripolitikk, og den må henge saman med folk flest si røynd. Den finn me her ute i distrikta som Årdal og Høyanger, ikkje på kafeen med jålekaffi. Det er her verdiane vert skapt. Der treng MDG sentralt å lære veldig mykje, meiner Malkenes.

– Det er ein læringskurvet partiet er nøydd til å ta, og det må me gjere fort. Her i fylket er me så heldige at me kan vere med å utvikli politikken, og det skal me gjera.