Med teft for trua treslag

Med teft for trua treslag

LYKT OG LUPE: Treekspert Andreas Treu har alltid med seg ei lita lupe. Med den kan han raskt slå fast om det dreier seg om europeiske treslag eller ikkje. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.

Treekspert Andreas Treu kan meir om ulike treslag enn dei fleste andre her i landet. Med hjelp av lykt og lupe kan han lett kjenna att ulike tre og avsløra svindel og lureri. 

– Alle tre har svært ulik anatomisk oppbygging og ulik struktur. Ved å laga eit tverrsnitt i treet kan ein sjå korleis treet veks. Dette er til dømes eit tre som har vakse mykje om våren. Då veit eg at treet kjem frå eit område med vinterklima og ikkje frå tropiske strøk, seier Andreas Treu etter å ha teke fram lupa og studert ein liten trebit på storleik med ein sukkerbit.

Vi møter han på Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Ås der han arbeider som treteknolog og forskar. Jobben hans er mellom anna å identifisera ulike treslag som blir importerte til Noreg og hindra at det blir selt ulovleg tropisk tømmer.

– Like ille som elefantføter

Behovet for kontroll med trua treslag har auka etter at Noreg i 2015 skreiv under den såkalla CITES-konvensjonen. Avtalen forbyr handel med tre og treprodukt som er hogd ulovleg. Det vil i praksis seia mange tropiske treslag.

Artikkelen held fram under biletet.

NY BRUK: Å finna fram til nye måtar å behandla norske og andre europeiske treslag på slik at dei får lengre levetid er minst like viktig for treeksperten Andreas Treu som å avsløra svindel med tropisk tømmer. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.

Mange gode eigenskapar har gjort desse treslaga svært ettertrakta. No er fleire av dei utryddingstruga. Å bryta reglane om import blir difor sett på som svært alvorleg.

– Det er til dømes like ille å importera treslaget Rio palisander som elefantføter, seier Treu.

Rio palisander er berre eitt av mange tropiske treslag som er forbode.

Detektivarbeid

Men korleis kan ein vita om det er brukt ulovlege treslag eller ikkje? Det er her kunnskapen til Treu kjem inn. Han er ein av dei som gjer jobben når Miljødirektoratet tek stikkprøvar

– I praksis fungerer det ofte slik at folk frå Miljødirektoratet går inn i ein butikk og plukkar ut eit bord eller eit anna møbel og sender til oss, forklarer han.

Artikkelen held fram under biletet.

AFRIKANSKE TREPRØVAR: For å bestemma kvar ulike tre kjem frå kan det vera ei god hjelp å ha treslag dei kan samanliknast med. Desse treprøvane er ei gåve frå Det afrikanske museet i Brüssel. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.

Andre gonger hender det at han får ein bordbit eller ein planke. Prøvane kan koma frå heile verda. Jobben hans blir både å finna ut kva treslag som er brukt, kor det kjem frå og om det stemmer med det som er opplyst i papira. Ikkje alle land er like ærlege.

Detektivarbeidet startar alltid med at treeksperten tek ein liten treprøve på storleik med ein sukkerbit. Deretter ser han på strukturen i treet med lupe. Då ser han raskt om det dreier seg om europeiske treslag eller ikkje.

Er det tropiske treslag, må han ofte undersøkja treet litt grundigare i mikroskop, sidan det dreier seg om mange ulike artar. I mikroskopet kan han forstørra små tresnitt heile 500 gonger og studera treet ned til kvar minste celle. Men av og til er heller ikkje det nok.

– Treng fleire fagfolk

– No har vi ei sak der vi var litt i tvil, seier Treu. Det dreier som eit lite bord. Treu har funne ut at det er laga av ein type eik som berre finst i Asia, men han veit ikkje sikkert kvar og kva art det dreier seg om. Difor har den tyskfødde treeksperten bede kollegaer i Hamburg om hjelp.

– Ved hjelp av genanalyse skal ekspertane der finna ut om treet kjem frå grensa mellom Russland og Kina eller frå Kina, forklarer han.

Andreas Treu meiner det trengst eit større fagmiljø også i Noreg. Han synest det er eit paradoks at det er mykje snakk om å kontrollera import av ulovleg tømmer, samtidig som det er få fagfolk til å utføra arbeidet.

– Det er nesten ingen som kan dette skikkeleg. I kvart land er det kanskje berre to til fem ekspertar, seier treeksperten.

Om ikkje miljøet blir større, er han redd at verdfull kunnskap vil gå tapt. Ved NIBIO er ein no i gang med å retta på dette.

Artikkelen held fram under biletet.

MØNSTER I MIKROSKOP: Ved å forstørra små treprøvar i mikroskop opp til 500 gonger kan treekspertane studera strukturen og kvar minste celle i treet. Foto: Margunn Sundfjord / NPK.

– Vi er i gang med å utvida miljøet, men vi har ikkje mykje pengar å putta i det. For kvart oppdrag blir vi likevel litt klokare.

Heller hjelp enn straff

Å avsløra svindel og ulovleg handel er berre ein del av jobben til Andreas Treu. Han er minst like engasjert i korleis vi kan unngå å bruka tropisk tømmer.

– Treanatomi er berre ein del av det eg arbeider med. Mesteparten av tida arbeider eg med andre typar forsking. Ikkje minst korleis vi kan finna behandlingar som gjer at andre treslag greier seg minst like bra som tropisk tømmer. Det har vi mange døme på, seier Andreas Treu

Det overordna målet er likevel det same: Å kjempa mot ulovleg import og hindra utrydding av trua treslag og arbeida for å auka bruken av europeiske treslag.

– Ulovleg import er ofte knytt til kriminalitet, korrupsjon, terrorisme og andre ting som blir finansiert med ulovleg eksport frå ulike land til Europa. Viss vi greier å stoppa kriminaliteten og verna tropisk skog, har vi kome eit steg vidare. Då treng vi ekspertar som kan identifisera korleis trea ser ut og kvar dei kjem frå, seier Anders Treu.

(©NPK)

NPK

Les flere artikler fra NPK.