Ministeren skal på synfaring i Nordfjella

Ministeren skal på synfaring i Nordfjella

TIL NORDFJELLA: Måndag neste veke kjem landsbruks- og matminister Jon Geirg Dale (Frp) til Nordfjella for å orientere om styresmaktene si handsaming av skrantesjuka. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Måndag neste veke kjem landsbruks- og matminister Jon Geirg Dale (Frp) til Nordfjella for å orientere om styresmaktene si handsaming av skrantesjuka.

Lærdal: Her skal Dale treffe ulike interesser og få innspel på konkrete tiltak som vert vurdert iverksett.

Ministeren vil først synfare området for det planlagte sperregjerdet mellom rein frå Filefjell reinlag og villrein. I etterkant av denne synfaringa vil han ha eit møte med grunneigarar og representantar frå reinlaget.

Det var i april i fjor at det vart påvist skrantesjuka (CWD) i Noreg. Dette var det første tilfellet i Europa, og etter kvart er sjukdommen påvist hjå fem hjortedyr, tre villrein i Nordfjella og på to elg i Trøndelag. 

Saka har utvikla seg drastisk over dei seinare månadane, der eitt av tiltaka ein no vurderer er å skyta ned heile villreinflokken i området for å få bukt med sjukdommen. 

Før påske sa ministeren at ei avgjerd i saka vil koma etter påske då han møtte representantar frå Mattilsynet og Veterinærinstituttet for å diskutere moglege tiltak mot den dødelege hjortedyrsjukdommen.

– Vurderinga vår vil skje kontinuerleg etter dette. Men det er nok grunn til å vente at me må starte på eit arbeid der me tar ut delar av stammen i Nordfjella, seier Dale, som ikkje vil konkludere om heile stammen skal takast ut, før han har fått dei nye råda frå Mattilsynet, sa han til NTB.