No kjem svaret alle vegforkjemparar har venta på

No kjem svaret alle vegforkjemparar har venta på

VEGVALET: Om det vert Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet som skal vere den andre av to hovudvegar mellom aust og vest, får ein svaret på måndag. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Om det vert Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet som skal vere den andre av to hovudvegar mellom aust og vest, får ein svaret på måndag.

Lærdal: Ifølgje NRK kjem svaret «alle» har venta på når Trond Helleland (H) kallar inn til pressekonferanse på Geilo måndag.

For Aleksander Øren Heen i Senterpartiet er det eit signal som gir grunn til uro. Han trur at fordi pressekonferansen finn stad på Geilo, er det eit teikn på at regjeringa vil gå for Hardangervidda.

UROLEG: At pressekonferansen finn stad på Geilo gir grunn til uro for Aleksander Øren Heen (Sp). Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Magekjensla har vore god, for Vegvesenet har vore tydelege på at Hemsedal er riktig val. Men, når det er Trond Helleland som kallar inn til pressekonferanse på Geilo, så blir eg litt uroa, for han har vore ein ivrig forkjempar for Hardangervidda, seier Heen til NRK.

Vegvesenet går for Hemsedalsfjellet

I september la Statens vegvesen fram si tilrådinga i den brennheite samferdslesaka som har sterke krefter frå begge sider. Der peikte dei på at Hemsedalsfjellet vil vere det riktige alternativet å satse på.

At pressekonferansen skal foregå på Geilo, får også forkjemparane for Hardangervidda til å tenkje, men då er det snakk om positive tankar.

– Me har forventingar om å få eit etterlengta svar. Så håpar me det er eit godt teikn at det kjem på Geilo, og det som må seiast å vere ein riksveg 7-venleg konferanse, seier Harald Victor Hove, som jobbar for Hardangerviddatunnelene til NRK.

Relaterte saker