Nye parkeringsreglar skal gjere det enklare for deg

Parkering i Sogndal

NYE REGLAR: Frå 1. januar tredde dei nye parkeringsreglane i kraft. No betalar du det same uansett om du står på privat eller offentleg parkeringsplass. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Frå 1. januar tredde dei nye parkeringsreglane i kraft. No betalar du det same uansett om du står på privat eller offentleg parkeringsplass.

Fylket: Frå 1. januar vert du ikkje lenger straffa om du er to minutt for seint ute. Sanksjon vert gitt først fem minutt etter at billetten gjekk ut. Desse får faste satsar som er like både for private og offentlege plassar.

– Ved dei fleste brot på reglane vil du måtte betale 600 kroner. Parkerer du på HC-plass, vil du få 900. For mindre brot, til dømes å gløyme å trekke billett på gratisparkering, slepp du unna med 300 kroner, seier avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen.

Målet med dei nye reglane er at dei skal vere mest mogleg like for private og offentlege tilbydarar av parkeringsplassar – noko som skal gjere det lettare for deg som forbrukar.

Gjeld alle som tar betalt for parkering

I tillegg til nye reglar vert det også oppretta ny klagenemnd og eit parkeringstilsyn.

Elles vert det opp til kommunane sjølve å bestemme om elbilar skal få parkere gratis og når det gjeld fleire tilpasningar på plassar til forflytningshemma.

– Reglane gjeld alle som tilbyr parkering mot betaling, med tidsgrense eller på andre vilkår så lenge plassen ikkje er reservert for bebuarar, tilsette eller liknande, seier Harsem.