Nyttar likevel ikkje reinane som blir skotne til mat 

Reinkadaver

IKKJE MAT: Dei to bukkane på biletet til venstre vart skotne av Statens Naturoppsyn, men Mattilsynet bestemte at dei ikkje skulle nyttast til mat - sjølv om dei skulle det i utgnagspunktet. Biletet til høgre syner containeren førre fredag med kadaver av dei skredtekne reinane, då var ikkje containeren tildekt. Mattilsynet forklarar containeren vanlegvis er tildekt, men at den stod open eit kortare tidsrom denne dagen fordi det føregjekk uttransportering av kadaver frå skreda. Private foto

– Eg tykkjer det er for gale at dei går tilbake på at kjøtet skal brukast til konsum. Det har fleire reagert på, seier grunneigar i området Oddmund Einemo.

Lærdal: Før påske utferda Miljødirektoratet eit vedtak om at Statens Naturoppsyn (SNO) kunne skyta reinsbukk frå Nordfjella som kom innanfor ei grense på to kilometer unna  rv. 52 Hemsedalsfjellet.

Les også: Skal ta ut bukk rundt rv. 52

Bakgrunnen for vedtaket var å minimera sannsynet for at villrein frå skrantesjukeråka Nordfjella sone 1 skulle kryssa inn i tamreinområdet nordaust for rv. 52.

Følgjande avsnitt står i vedtaket frå Miljødirektoratet:

«I utgangspunktet vil dette være friske dyr, og skal derfor behandles med tanke på ivaretakelse av kjøttressursen. Felte dyr vommes ut på stedet, og dyrene fraktes til avtalt oppsamlingssted i samråd med Mattilsynet, som vil forestå prøvetaking og besiktigelse av slaktene. 

Dyr som godkjennes til bruk for menneskelig konsum kan omsettes til inntekt for det kommunale viltfondet i Lærdal kommune».

Gjekk tilbake på vedtaket

Porten.no har fått tilsendt to bilete av conteinarar som står ved anleggsvegen inn til Øljusjøen. På det eine biletet ligg ei større mengd kadaver; dette er hovudsakleg reinsbukkar som i førre veke vart frakta ut frå skreda som gjekk ved Stardalsbergi før påske. Desse ville såleis uansett ikkje ha vore brukande til mat.

Les også: Fann reinsflokk teken av skred: – Eit grufullt syn

Det andre biletet syner to reinsbukkar som vart skotne av Statens Naturoppsyn etter vedtaket frå Miljødirektoratet. Desse er ikkje handsama i tråd med vedtaket frå Miljødirektoratet.

Seniorrådgjevar i direktoratet, Erik Lund, som har skrive under på vedtaket, opplyser for Porten.no at Mattilsynet gjekk tilbake på at bukkane skulle nyttast som kjøtressurs.

Jon Georg Dale og Oddmund Einemo
– FOR GALE: Oddmund Einemo tykkjer det er for gale at ikkje dei skotne reinane blir nytta til mat. Her er Einemo i samtale med landbruksminister Jon Georg Dale. Arkivfoto

Oddmund Einemo er grunneigar i ein del av området der SNO har fått i oppdrag å ta ut bukkar frå 17. april til 15. juni. Han reagerer på heilomvendinga frå myndigheitene:

C Eg tykkjer det er for gale at dei går tilbake på at kjøtet skal brukast til konsum. Det har fleire reagert på. Eg likar heller ikkje at det blir avliva dyr nær stølane, der me ofte oppheld oss.

– Undrar meg at reinane ikkje blir jaga i staden for skotne

Han såg sjølv at to bukkar som vart skotne siste veka av april låg ope i ein av conteinarane. Med andre ord var det då fritt fram for rovfugl å forsyna seg av kadavera.

Det andre biletet, som også syner dei reinane råka av skred, er teke to veker seinare. Heller ikkje då var conteineren tildekt. 

Einemo har ikkje sjølv vore ved conteinarane siste veka. Han stussar over at dei ikkje var dekte til i førre veke heller.

– Beskjeden eg fekk etter at at eg påpeikte at conteinarane ikkje var dekte til etter dei to bukkane var skotne, var at dette skulle tildekkjast. Det burde jo også ha vore inngjerda. 

Leiar i villreinutvalet for Nordfjella, Sigmund Tveitehagen, skjønar i det heile ikkje kvifor det skal avlivast bukk no på denne måten.

– Når det gjeld spørsmålet om å nytta dei avliva reinane som kjøtressurs, ville eg ha vegra meg for å eta rein skoten på våren. Det undrar meg kvifor ikkje dei kan jaga vekk reinen i staden; det er i praksis det som skjer når dei skyt ein og annan bukk som er i flokk; då kunne ein like godt ha jaga dei med skuter. Viss det er snakk omk eitt eller to individ som stadig kjem tilbake og pressa mot riksveg 52 blir det annleis; då er eg med på at det er poeng i å skyta dei.

Grunngjeving: Omsyn til smittevern

Andrè Høva, veterinær i Mattilsynet på Gol, forklarar kvifor dei har gått tilbake på at reinane som blir skotne skal nyttast som matressurs:

– Det er to moment her; smittevern og å utnytta kjøtressursen. Med omsyn til smittevernet, som er det viktigaste, har me vurdert det som mest riktig å ikkje slaktehandsama individa som blir skotne. Det er snakk om sporadiske fellingar, ikkje noko stor mengd kjøt som går til spille. Og kjøtet har heller ikkje veldig god kvalitet.

– Men jegerane skal slaktehandsama fleire hundre dyr ute i felten under jakta til hausten. Kva blir skilnaden på dette og når det blir skote rein av Statens Naturoppsyn no?

– Til hausten vil me ha eit opplegg for å ha ut slakteavfall frå dyr som viser seg å testa positivt for skrantesjuke. Dette apparatet er ikkje på plass no, og difor blir ikkje desse bukkane slaktehandsama. Men når jakta startar, kjem me til å ha dette apparatet på plass.

Når det gjeld biletet som syner at containeren stod open i førre veke, på fredag, forklarar Høva at dette var over eit kort tidsrom.

– Eg har sjekka opp dette. Conteinarane stod opne eit kortare tidsrom på fredag fordi mannskap dreiv og henta ut kadaver frå skreda som vart lagt i containeren. Individa som låg i containeren då var også testa for skrantesjuke, og alle var negative. Så med unntak av denne perioden på fredag har containeren vore tildekt

Høva opplyser vidare at det er teke prøvar av og transportert ut 18 villreinar frå skreda, men at det truleg ligg fleire lengre nedi snømassane; kanskje opp mot 40.