Ordføraren fryktar for framtida til trafikkstasjonen

Trafikkstasjonen under lupen

MÅ EFFEKTIVISERE: Organiseringa av trafikkstasjonane til Statens vegvesen skal under lupa. Målet er ei meir effektiv drift, noko som òg kan bety nedleggingar. Her trafikkstasjonen i Sogndal, ein av tre her i fylket og den einaste i Sogn.

Skal vere under lupen til Vegdirektoratet.

Sogndal: Før helga sende ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal eit brev til Statens vegvesen der han ba om status i arbeidet med å vurdere framtidig organisering av trafikkstasjonen i Sogndal.

Ordføraren har nemleg fått nyss i at det er sett ned ei gruppe som skal sjå på saka, som det heiter, noko som har fått varsellampene til å blinke.

Les også: 135 omkom i trafikken i 2016 – 117 av dei menn
Les også: Nye parkeringsreglar skal gjere det enklare for deg

Vil ha same lokalisering

– Sogndal med sitt omland og trafikkmønster treng Sogndal trafikkstasjon. Kommunen ynskjer på ein konstruktiv måte å få bidra til å oppretthalde servicenivået på trafikkstasjonen, skriv ordføraren i brevet til vegvesenet.

Ordføraren ser alvorleg på funna i tilsynet
PÅ VAKT: Ordførar Jarle Aarvoll ønskjer at både kommunen og innbyggjarane skal vere involverte i omorganiseringa av trafikkstasjonane. Foto: arkiv.

Sogndal kommune har køyreskular, trafikkopplæring og ei landslinje for yrkestransport på Kaupanger. Difor meiner ordføraren det er viktig at trafikkstasjonen er lokalisert der den er.

– Når eg får signal om at det pågår etatsinterne prosessar, så er det naturleg for meg å stille spørsmål ved det, seier Aarvoll til Porten.no

Alle skal under kniven

Arve Tjønn Rinde er avdelingsdirektør for trafikant- og køyretøyavdelinga i Statens vegvesen Region vest. Han stadfester at dei har fleire arbeidsgrupper som ser på ulike måtar dei kan effektivisere drifta.

Vegvesenet under lupen
TVETYDIG: Avdelingsdirektør Arve Tjønn Rinde i Region vest av Statens vegvesen avviser at det er snakk om å leggje ned trafikkstasjonen i Sogndal. Men han kan heller ikkje garantere noko. Foto: Statens vegvesen/Charlotte Villanger Nielsen.

– Det er veldig mange sjølvbeteningsløysingar på gang. Det er vegdirektoratet veldig oppteken av, seier Rinde.

Han seier effektiviseringa av trafikkstasjonane er eit arbeid som pågår nasjonalt. Det vil kome ei høyring, truleg i februar eller mars, der strukturen på einingane er ein av tinga som skal bli vurdert.

– Det kortsiktige perspektivet er at vi skal oppretthalde tenestrukturen vi har. Så blir det å følgje dei effektivitetstiltaka som kjem ein eller annan gong. Då er alle under kniven, ikkje berre i Sogndal, seier han. 

– Kan du forsikre ordføraren om at trafikkstasjonen i Sogndal ikkje vil forsvinne?

– Det kan eg ikkje seie, for det er ikkje eg som avgjer, seier avdelingsdirektøren.