Slik skal dei gjere tilboda på torget meir synleg

Slik skal dei gjere tilboda på torget meir synleg

SKILTPROSJEKT: Årdal Utvikling og Terje Laberg jobbar med eit skiltprosjekt for å synleggjera tilboda i sentrum betre. No håpar dei å koma i gang før turistsesongen startar for fullt.

Årdal Utvikling jobbar med eit skiltprosjekt for å synleggjera tilboda i sentrum betre. No håpar dei å koma i gang før turistsesongen startar for fullt.

Årdal: Skiltprosjektet er eit ledd av det tidlegare omtalt «Stopp på torget»-prosjektet og er ein del av satsinga som både private og kommunen no gjer for reiselivet.

I fjor passerte til dømes 40 000 bilar på Tindevegen og dermed sentrum i Årdal. Med betre skilting i og rundt sentrum håpar ein at det vil ha gode ringverknader for det lokale næringslivet.

– Tanken er å synleggjera tilboda som er i Årdal for alle som passerer, anten dei kjem frå Tindevegen eller fylkesveg 53. Målet er å få dei til å stoppa, og når dei har gjort det, informere om kva anna me har å tilby, seier Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.

Fokus på sentrum

Det er Bjørn Indrebø som er leiar for prosjektet, der ein i første omgang konsentrerer eg om sentrum i Øvre Årdal og gradvis jobbar seg utover. Går ting som planlagt, håpar dei at dei første skilta vert sett opp allereie i juni i år akkurat i tide til turistane for alvor inntar Sogn.

Skiltinga skal rette seg mot parkering, butikkar, kafear og aktivitetar som symjebassenget. 

– Difor ønskjer me at desse aktørane i sentrum tenkjer litt nytt på korleis dei skiltar sine tilbod. Alt frå offentlege vegskilt til skilting av næringsbygg skal takast opp, held Laberg fram.

Utvidar etter kvart

For å dra forbipasserande inn mot sentrum, må ein først og fremst vise veg allereie i Øvstetun og i krysset der fylkesvegane 53 og 301 møtest. Parallellt vert det gjort nokre unntak, som å få sett opp eit skilt på Tyinkrysset.

– Me prøver å få til noko der slik at det står meir enn berre «Årdal». Og så får me sjå kva me får til ute ved Fodnes. Det mykje lover og reglar, så det lettaste er å byrje i sentrum der kommunen styrer, seier han.

– Når fokuset på torget er ferdig, vil me sjå vidare på korleis ein kan kopla på Utladalen og Årdalstangen med sjøfronten.