Studentane trur ikkje dei vil merke den store overgangen

Studentar forventar ikkje dei store endringane

VEMODIG DAG: Studieveninnene Linda Leirpoll og Anniken Olsen føler det er vemodig å ta farvel med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Men dei har litt ulike syn på konsekvensane av samanslåinga.

Men identiteten og ryktet til studiestaden Sogndal er det enkelte som fryktar vil få ein liten knekk.

Sogndal: I går vart det feira at høgskulane i Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund hadde blitt til Høgskulen på Vestlandet. Ambisjonane er store på vegner av den nye organisasjonen, utan at studentane har merka noko særleg til det enno.

– Førebels har vi eigentleg ikkje merka noko anna enn at namnet har skifta, seier Anniken Olsen, student frå Oslo som tek bachelor i sosiologi.

Les også: – Å fusjonere er ikkje det same som å miste seg sjølv

Redd for å miste ryktet

Ho og studievenninna Linda Leirpoll sat oppe i kantina på høgskulen etter at dei kvite dukane hadde blitt rydda vekk. Akkurat namnet og identiteten er noko av det dei vil sakne. Spesielt med tanke på det gode ryktet både skulen og studentmiljøet har fått.

– Plutseleg blir du ein del av noko mykje større. Det er uvant og eigentleg ikkje så veldig gøy. Men slik er det berre. Det blir sikker betre etter kvart, seier ho.

Student Eskil Christensen
AVSLAPPA TILNÆRMING: Student Eskil Christensen trur ikkje han vil merke nokon stor forskjell av at Høgskulen har blitt større.

Les også: Første dag med nytt namn for Høgskulen: – Vemodig

Linda Leirpoll studerer òg sosiologi og trekkjer fram nærleiken dei har til lærarane. Ho synst skulen har mykje å vere stolt av og dermed mykje dei risikerer å miste på samanslåinga.

– No når vi får med oss ryktet til Stord, Haugesund og Bergen òg, så mister vi litt av det vi er kjende for. Eg håper vi ikkje forsvinn i mengda, berre fordi vi er mindre, seier ho.

Friluftslivsstudent Eskil Christensen sit inne på biblioteket og har ikkje fått med seg det store oppstyret som har vore tidlegare på dagen.

Han trur heller ikkje vil merke noko særleg meir enn det nye namnet. 

– Det har eg ikkje tenkt så mykje over. Eg trur ikkje det blir så stor forskjell i dagleglivet, seier han.

– Det blir framleis bra

Det er eit svar som går som eit ekko denne dagen. Nokon trur likevel dei vil merke endringar litt seinare.

Student Tor Sverdrup Lilleeng
OPTIMIST: Student Tor Sverdrup Lilleeng har tru på at Sogndal skal greie å halde på særpreget òg i framtida.

– Eg trur ikkje det blir dei heilt store forandringane no med ein gong. Kanskje det blir litt klårare fordeling av linjene, slik at dei her i Sogndal til dømes kanskje vil spesialisere seg meir på lærarar, mens dei andre campusa fokuserer på det dei er gode på, seier Tonje Ferstad, som tek årsstudium i juss.

Les også: Her jobbar dei fram den nye Høgskulen

Men kanskje er det det beste svaret studentane kan gje. For når dei seier dei trur at ting blir som før, så meiner dei at dei framleis trur dei vil trivast like mykje som dei har gjort til no.

– Det er framleis ei lita bygd med eit høgt antal studentar i høve innbyggjartalet. Det blir framleis bra, seier idrettsstudent Tor Sverdrup Lilleeng.