Tilbyr gratis trening, men nesten ingen veit om det

Ønskjer fleire med i gjengen

ØNSKJER FLEIRE MED I GJENGEN: Her har instruktør Melissa Venes ved Frisklivsentralen Sogn gruppetrening i Meir Liv & Lyst sine lokale i Sogndal. Unni Stedje i lilla skjorte tykkjer det er rart at ikkje fleire har fått augene opp for tilbodet.

Frisklivssentralen i Sogn ønskjer at fleire skal få augene opp for det dei driv med. – Det er eit kjempetilbod som få brukar.

Sogndal: Frisklivssentralen Sogn er eit samarbeid mellom Sogndal, Leikanger og Luster og målgruppa er personar i alle aldrar som ønskjer å endre livsstil. 

I fjor nytta totalt 161 personar seg av tilbodet. Det er for få, meiner fysioterapeut og instruktør Melissa Venes, som ikkje trur folk heilt er klar over kva dei faktisk går glipp av.

Vil nå fleire
VIL NÅ FLEIRE: Melissa Venes, fysioterapeut og helserådgjevar i Frisklivssentralen Sogn skulle gjerne sett at fleire tok kontakt for å få hjelp til å innføre sunne vanar og trening i kvardagen.

– Viss folk har ein livsstil som ikkje er heilt som dei ønskjer, så treng dei ikkje å vente til dei blir sjuke. Dei kan ta tak no, ringe direkte til Frisklivssentralen og få hjelp til å komme i gang med trening og eit sunnare kosthald, seier ho.

– Og det er eit gratistilbod kommunen har. det får dei i seks månader. Så det er eit kjempetilbod som få brukar.

Les også: Hilmar tek tilbake kvardagen med trening

Rett nok var det første økt etter påske, men tysdag var det berre seks trimmarar innom. For Unni Stedje var det første gong ho testa opplegget. 

– Det verkar voldsomt greitt. Ho er flink og det var fart over oppvarminga, er hennar dom.

Ho er ein fast gjengangar på treningane til Meir Liv & Lyst og utgjer såleis ikkje kjerna i den målgruppa Frisklivssentralen ønskjer å nå. At ikkje fleire nyttar seg av tilbodet tykkjer ho er merkeleg. 

– Kanskje dei ikkje har høyrt om det, seier ho spørjande.

Frisklivssentralen Sogn

  • Opretta i 2007.
  • Ei interkommunal helseteneste for Sogndal, Leikanger og Luster.
  • Målgruppa er persjonar som ønskjer ei livsstilsendring, du treng ikkje vere sjuk eller å ha fått ein diagnose.
  • Tilbyr individuell rettleiing og motivasjonssamtale til folk som ønskjer å komme i trening, endre kosthaldet, eller slutte med snus og røyk.
  • Tilbodet er gratis i seks månader, men eigenandel kan førekomme på enkelte kurs og treningstilbod.
  • Samarbeider i dag med Idrettssenteret i Sogndal og Leikanger, Meir Liv & Lyst og Luster treningssenter.

Kjelde: Frisklivssentralen Sogn.