Tok ut jervetispe og to kvelpar i Utladalen

Tok ut jervetispe og to kvelpar i Utladalen

UTTAK AV JERV: I helga vart ei jervetispe og dei to kvelpane hennar uttekne på Vettismorki i Utladalen i Årdal. Arkivfoto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.

I helga vart ei jervetispe og dei to kvelpane hennar uttekne på Vettismorki i Utladalen i Årdal.

Utladalen: Det stadfestar Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn til Porten.no. Oppdraget var eit såkalla ekstraordinært uttak av jerv.

Jerven, som viste seg å vere ei tispe, hadde to kvelpar. Sidan Utladalen er ein del av eit beiteprioritert område, skal det ikkje ynglast i dette området.

– Det blei gjort vedtak om eit hiuttak, der me fulgte tispa tilbake til hiet, så blei ungane og tispa avliva, seier Golf.