Billettane går unna: – Eg trur det blir utseld

Sogndal-publikum på Fosshaugane Campus.

UTSELD: Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, trur rivaloppgjeret mot Brann vert utseld. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Det ligg an til å bli eit fullsett Fosshaugane Campus når Brann kjem på besøk.

Sogndal: Arrangementssjef i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad, fortel at dei fredag ettermiddag har selt rundt 4700 billettar.

Det betyr at det er att nokre hundre billettar til, men dei trur han vil ryke med før dommaren bles i gang kampen klokka 18.00 laurdag ettermiddag.

– Billettsalet går fantastisk. Det starta å ta seg opp etter Viking-kampen, og då me vann mot Molde auka farten endå litt til. Salet har halde seg stabilt gjennom veka. I tillegg har Brann gjort det bra, så dette er to lag folk har lyst til å sjå. Ein kan gjera mykje rart for å få folk på kamp, men sportslege resultat trumfar det meste, seier Heggestad.

Sogndal kjem frå to sigrar på rappen etter 4-0 mot Viking og ein sterk 2-1-siger mot Molde på 16. mai, medan Brann feia Sandefjord av bana 16. mai og slo Molde 4-1 før det igjen. 

Trur det blir utseld

Erfaringsmessig går det alltid rundt 800 billettar på kampdag, men arrangementssjefen åtvarar mot å vente for lenge. 

– Det er meldt fint vêr, og så er det laurdagskamp. Det kan nesten ikkje bli meir perfekt. Eg trur faktisk det blir utseld.

– Kva betyr det for Sogndal med laurdagskamp?

– Det betyr masse for næringslivet. Eg veit at det kjem ein del Brann-supporterar i kveld, og så har ein heile dagen i sentrum i morgon. Med så mange tilreisande, vil næringslivet få ein fantastisk dag. Det er viktig med slike kampar som syner seg att i handelen.